Utløpt

Økonomistilling i eit internasjonalt miljø!

Arbeidsgiver
Avery Dennison
Stillingstittel
Økonomimedarbeider
Frist
19.06.2020
Ansettelsesform
Engasjement

Er du nyutdanna innan økonomi og ynskjer arbeidserfaring? Eller er du i ei økonomistilling og ynskjer nye utfordringar? Me kan tilby ein spennande og allsidig jobb i eit internasjonalt miljø!

Arbeidsoppgåver:

  • Primært følgje opp kundane våre i inn- og utland
  • Støtte det komersielle arbeidet frå økonomisida
  • Bidra til å redusere uteståande fordringar og nå konsernet sine mål
  • Bistå vårt eksterne inkassoselskap ved behov
  • Månadsrapportering og kvartalsrapportering til konsernet
  • Ansvar for utfakturering til kundar via VISMA Autoinvoice
  • Avstemming og kontroll
  • Remittering og manuelle betalingar
  • Andre oppgåver som bokføring og revisjon kan bli aktuelt

Me ynskjer oppstart so fort som mogleg, gjerne måndag 6. juli. Stillinga er eit års vikariat med moglegheit for forlenging. Du kjem til å få god opplæring og jobbe tett ilag med resten av økonomiteamet vårt både i Noreg og Europa.

Kvalifikasjonskrav:

  • Minimum bachelorgrad innan økonomi
  • Handterar engelsk godt både skriftleg og munnleg
  • Gode IT-evner, særleg Excel/Google Sheets
  • Evne til å jobbe målretta, strukturert og sjå heilskapen
  • Gode samarbeidsevner
I tillegg er det ein fordel viss du har relevant arbeidserfaring med bruk av ulike økonomisystem, samt erfaring med kundekontakt.

Tilleggsinformasjon:

  • Godt, internasjonalt og innovativt arbeidsmiljø
  • Variert arbeidskvardag med høgt tempo
  • Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning

Om arbeidsgiveren

Avery Dennison er ein global leiar innan labels og materialer. Selskapet sin teknologi er ein integrert del av produkt som blir brukt i dei fleste bransjar. Med verksemd i over 50 land og med meir enn 30 000 tilsette over heile verda, tilbyr Avery Dennison tenester til eit breidt spekter av kundar. Salet i 2019 var $7.1 miliardar.

Den norske delen av konsernet, Avery Dennison NTP, er ein leiande produsent av heat transfers for sportskle, arbeidskle og andre profilerte artiklar. På fabrikken vår i Gaupne har me utvikla teknologi og produsert transfers i over 30 år. Våre 130 tilsette leverar produkt av høg kvalitet som gjer det mogleg for oss å konkurrere globalt. Me sel like mykje til den utanlandske marknaden som til den norske. Les meir på www.averydennisonntp.no og www.averydennison.com.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Gaupnegrandane 19, 6868 Gaupne
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap

Nøkkelord

Økonomi, Regnskap, Faktura, Produksjonsbedrift, Sogn

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Siv Skulstad
Stillingstittel
HR Supervisor
Telefon
91 87 00 55
Kontaktperson
Andrea Lomheim
Stillingstittel
Finance Manager
Følg firma
68 følger dette firmaet

Gaupnegrandane 19, 6868 Gaupne

Annonseinformasjon

FINN-kode 180987771
Sist endret 20. jun. 2020 00:12

Rapporter annonse