Utløpt

Har du lyst til å jobbe med eit spennande rettsområde?

Arbeidsgiver
Fylkesmannen i Vestland
Stillingstittel
Jurist - fast stilling innan verjemål
Frist
18.06.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statsforvaltaren i Vestland
Om stillinga

Har du lyst til å jobbe med eit spennande rettsområde?

Utdannings- og verjemålsavdelinga har vel 60 tilsette i tre seksjonar, ein verjemålsseksjon og to utdanningsseksjonar, alle med kontorstader både i Leikanger og i Bergen. Stillinga er lagt til verjemålsseksjonen, med kontorstad i Leikanger.

Verjemålsseksjonen har i dag om lag 30 tilsette og har ansvar for 7.700 aktive saker. Verjemålsoppgåvene er breitt samansette med oppgåver innan rettsområda arv- og skifterett, barnerett, forvaltningsrett, sivilprosess og verjemål.

Vi forvaltar over to mrd. kroner på vegner av barn og vaksne i Vestland fylke, oppnemner verjer og representantar og administrerer løpande verjemål. Vi rekrutterer, lærer opp og fører tilsyn med verjer og representantar.

Som førstelineteneste og lokal verjemålsmyndigheit har vi også ansvar for å rettleie publikum om verjemålsordninga og dei private alternativa til verjemål. Fylkesmannen i Vestland fremjar saker for domstolane om fråtaking av rettsleg handleevne og har rett til å vere sjølvprosederande.

Det er ledig ei fast stilling, med kontorstad i Leikanger.

Det kan bli aktuelt å tilsette ein person i 6-månaders engasjement, ved same kontorstad.

Utdannings- og verjemålsavdelinga har eit godt arbeidsmiljø, og det er gode høve til fagleg utvikling.


Arbeidsoppgåver:
  • Sakshandsaming og rettleiing på verjemålsområdet
  • Informasjonsarbeid og anna utoverretta verksemd

Kvalifikasjonar:
  • Cand.jur./Master i rettsvitskap
  • Erfaring frå sakshandsaming
  • Kunnskap om og erfaring med verjemålslova
  • Engasjement for menneske og fokus på rettstryggleik
  • For tilsetjing som seniorrådgjevar krev vi lang og relevant erfaring, og god innsikt i offentleg forvaltning

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer deg som er samfunnsengasjert, tek initiativ og likar tverrfagleg samarbeid. I vurderinga av kandidatane vil det bli lagt særleg vekt på samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter.


Som tilsett hos Fylkesmannen får du
  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid

Vilkår:

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/ 1364 seniorrådgjevar, frå kr 490 000 - 590 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse.  For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.      

Fylkesmannen ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet er IA-verksemd, og vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du av seksjonsleiar Liv Sørevik tlf. 55 57 22 67/ mobil 900 49 653, eller avdelingsdirektør Anne Hjermann tlf. 55 57 22 75/ mobil 970 09 588.

 


Om arbeidsgiveren

Fylkesmannen er statens representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Fylkesmannen skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter.

Fylkesmannen i Vestland har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde - med hovudsete i Leikanger.

Sektor
Offentlig
Sted
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist
Følg firma
379 følger dette firmaet

Njøsavegen 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 180986228
Sist endret 5. jun. 2020 10:43

Rapporter annonse