Utløpt

Lærar - vikariat

Arbeidsgiver
Austevoll kommune Selbjørn skule
Stillingstittel
Lærar - vikariat
Frist
14.06.2020
Ansettelsesform
Vikariat

Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Austevoll kommune har ledig 100 % lærar vikariat frå 01.08.2020 - 31.07.2021

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Undervisning på barnetrinnet
  • Kontaktlæraroppgåver
  • Samarbeid internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning for barnetrinnet
  • Ønskjeleg med spesialpedagogisk kompetanse
  • Ønskjeleg med utdanning/kompetanse i kunst & handverk og eller/musikk 

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er kr 24 000 kr pr år.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Anna:

Det er ønskjeleg med erfaring frå undervisning av elevar med særskilde behov
Du må ha gode samarbeidsevne
Du må ha evne til å byggja gode relasjonar til elevar og samarbeidspartar
Du må kunne jobba sjølvstendig og i team
Du må kunne jobba etter vedtekne planar

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!

Sektor
Offentlig
Sted
5397 Bekkjarvik
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trygve Fjeld
Telefon
90 62 85 81
Følg firma
76 følger dette firmaet

5397 Bekkjarvik

Annonseinformasjon

FINN-kode 180954068
Sist endret 4. jun. 2020 11:17

Rapporter annonse