Utløpt

Miljøterapeut

Arbeidsgiver
Austevoll kommune Selbjørn skule
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
14.06.2020
Ansettelsesform
Fast

Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Austevoll kommune har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut med arbeidsstad f.t. Selbjørn skule.

Miljøterapeut har ei viktig rolle i skulen sitt arbeid for eit trygt og godt skulemiljø.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Støtta opp om skulen sitt pedagogiske arbeid.
Bidra til å gi elevar med særskilde behov eit heilskapleg opplæringstilbod.
Planleggja og gjennomføra tiltak og aktivitetar for elevar og elevgrupper.
Samarbeid med skuleleiing, lærarar og andre tilsette.

Kvalifikasjonar

-  Kompetanse i / erfaring frå arbeid med barn med særskilde behov.
-  Kompetanse i / erfaring frå arbeid med barn frå ulike kulturar.
-  Kompetanse i / erfaring frå traumebevisst omsorg.
-  Erfaring med tilrettelegging og gjennomføring av integreringstiltak.
-  Erfaring frå arbeid i barneskule.
-  Pedagogisk kompetanse.

Menn vert oppmoda til å søkja.

Personlege eigenskapar:
Vi søkjer ein person med gode samarbeidsevne og god relasjonskompetanse. Du må vere fleksibel i ein travel skulekvardag, med varierte og skiftande arbeidsoppgåver.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er kr 24 000 kr pr år.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!

Sektor
Offentlig
Sted
5397 Bekkjarvik
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Annet,
Annet,
Annet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trygve Fjeld
Telefon
90 62 85 81
Følg firma
76 følger dette firmaet

5397 Bekkjarvik

Annonseinformasjon

FINN-kode 180950166
Sist endret 4. jun. 2020 11:17

Rapporter annonse