Utløpt

Undervisningsstillingar - Strøno barneskule

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling
Frist
12.06.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig vikariat på 1.-7. trinn fordelt som følger:

- 100 % stilling frå 01.08.20 til 31.07.21

- 80 % stilling frå 01.08.20 til 31.12.20

Strøno barneskule ligg i Bjørnafjorden kommune og er ein få-delt barneskule. Skuleåret 2019-20 er vi 54 elevar og 12 tilsette. Aldersblanding og klassetrinn som går ilag gjer at alle kjenner alle. Dette skaper eit trygt og oversiktleg skulemiljø, som igjen legg eit godt grunnlag for fagleg og sosial utvikling. Vår visjon er: Elevar i aktivitet og læring.

Skulen ligg på øya Strøno. For meir informasjon om skulen, sjå skulen si heimeside: https://www.stronobarneskule.no/

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø, der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Skuleutvikling står sentralt med vekt på læring, livsmeistring og eit godt læringsmiljø.

Arbeidsstad

Strøno barneskule

Arbeidsoppgåver

Faglærar og kontaktlæraransvar i 100 % stillinga

Kvalifikasjonar

Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.

Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Ønska kvalifikasjonar

Vi ser etter ein tydeleg og engasjert pedagog som vil være med å skape gode skulekvardagar for elevane våre. Du må være fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide i team. Vi vil vurdere søkjarar opp mot skulen sine behov.

Søkarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Mentorordning og nettverk for nyutdanna lærarar.

Vi arbeider for å etablere ein heiltidskultur i kommunen.

Slik søker du

Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

 

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller takontakt med personalavdelinga.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Strønevegen 455, 5218 Nordstrøno
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

undervisning, pedagogikk, utvikling, faglærer, læringsmiljø

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ann-Irene Brunvoll
Stillingstittel
rektor
Telefon
56 57 52 81
Mobil
93 82 12 16
Følg firma
491 følger dette firmaet

Strønevegen 455, 5218 Nordstrøno

Annonseinformasjon

FINN-kode 180874455
Sist endret 16. jul. 2020 10:20

Rapporter annonse