Utløpt

Rådgjevar UiBVidere

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Rådgjevar UiBVidere
Frist
18.06.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)


Rådgjevar 

Universitetet i Bergen søkjer ein utadretta rådgjevar i satsinga med etter-, vidare og executive utdanning. Som del av Universitetet i Bergen si målsetjing om å skape fremragande forskingsbasert utdanning, skal innovasjon og utvikling av livskraftig læring prioriterast. Stillinga er plassert ved UiBVidere som har ansvar for etter- og vidareutdanning ved Universitetet i Bergen og er i ferd med å byggje opp ei ?executive', utadretta eining.


Arbeidsoppgåver:

Rådgjevaren skal bidra til å byggje opp UiBVidere til ei sentral eining ved Universitetet i Bergen. Rådgjevaren vil arbeide tett med leiing UiBVidere, fagmiljøa ved UiB og utstrekt samarbeid med nærings- og arbeidsliv. Rådgjevaren skal rettleie fagmiljøa i korleis ny teknologi kan nyttast i nye utdanningstilbod og å identifisere nye kompetansebehov. Til stillinga ligg prosjektleiaransvaret for initiering og utvikling av UiB sine etter- og videreutdanningstilbod i samarbeid med fagmiljø og eksterne samarbeidspartar.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Høgre utdanning på minimum mastergradsnivå.
  • Utdanning på doktorgradsnivå vil vere ein fordel.
  • Gode kunnskaper om digitaliseringprosessar.
  • God til å skape og vedlikeholde nettverk.
  • Solid evne til å arbeide både sjølvstendig og samhandlingsorientert.
  • Prosjektleiarerfaring med vekt på innovative løysingar.
  • Prosjektøkonomisk kompetanse og erfaring med anbodsprosessar er ein fordel.
  • Kunnskap om og erfaring med ?design thinking' er ein fordel.
  • God arbeidskapasitet, fleksibilitet, gode gjennomføringsevner, personleg dugleik. evne og vilje til samarbeid vil verta vektlagd.

Vi kan tilby:
  • Ein stimulerande og utfordrande arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende.
  • Å bidra til å bidra til byggje opp UiBVidere til ei sentral eining ved UiB og realisere målsetjingane for etter- og videreutdanning.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn etter statens regulativ som rådgjevar(kode 1434) i ltr. 70 - 77( for tida kr. 640 200 - 741 300) avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Fleksibel arbeidstidsordning. Noko reisevirksomhet må påreknast.
  • Gunstig pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse med mellom anna eit av markedets billegaste boliglån. Gode velferdsordningar
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Leiar for UiBVidere Roald Valle (roald.valle@uib.no), telefon: +47 455 01 624, avdelingsdirektør Christen Soleim (christen.soleim@uib.no, telefon: +47 414 79 181).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her. 

Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Undervisning og pedagogikk
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 180870503
Sist endret 12. jun. 2020 08:14

Rapporter annonse