Utløpt

Spesialrådgjevar - Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon i Helse Vest 

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Spesialrådgjevar
Frist
09.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Det er ledig ein fast 100% stilling som spesialrådgjevar knytt til Helse Vest sitt samarbeidsorgan mellom helseføretaka, universiteta og høgskulane i regionen. Samarbeidsorganet er ein arena for saker av felles interesse innan forsking og innovasjon, og det har ein rådgjevande funksjon overfor dei institusjonane som inngår i samarbeidet.

Stillinga er ved Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking, som er organisert til Forskings- og utviklingsavdelinga, Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen. Kompetansesenteret gir rådgjeving og støtte til helseføretaka, og har eit initierande og koordinerande ansvar for nettverksfunksjonar innan forsking og innovasjon i helseregionen.

Vi søkjer etter ein medarbeidar med høg kompetanse og relevant erfaring frå forskingsadministrativt arbeid på overordna nivå som kan bidra til å styrkje samarbeidet mellom helseføretaka og universitets- og høgskuleinstitusjonane i regionen. Spesialrådgjevaren vil samarbeide tett med fagleiar ved kompetansesenteret og med leiinga i regionen og andre helseføretak. Spesialrådgjevaren vil inngå i eit team av medarbeidarar som har som oppgåve å støtte det regionale helseføretaket i arbeidet kring forsking og innovasjon på eit overordna nivå.  

Arbeidsoppgåver

  • Rådgjeving og administrativt arbeid av særskild krevjande karakter. Inkludert å organisere, samordne, delta i og kunne leie ulike arbeidsgrupper.
  • Ha ei aktiv rolle for å styrkje og vidareutvikle samarbeidet mellom deltakande institusjonar i samarbeidsorganet.
  • Utgreiingsarbeid, saksførebuing og oppfølging av saker som skal fremjast for samarbeidsorganet.
  • Bidra til oppfølging av Helse Vest sine forskingsmidlar (utlysing, organisering av vurderingsarbeid og rapportering).
  • Arrangere konferansar, nettverksamlingar og andre arrangement for å styrkje regionssamarbeidet innan forsking og innovasjon.
  • Bidra til å koordinere nasjonalt utviklingsarbeid av elektroniske løysingar for forskings- og innovasjonssøknadar, rapporteringar og liknande.
  • Suparbrukar i fagsystem.
  • Det kan vere aktuelt med andre oppgåver innanfor temaområdet forsking og innovasjon.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på mastergradsnivå.
  • Relevant erfaring frå forskingsadministrativt arbeid på overordna nivå, er ønskjeleg.
  • Erfaring med å leie utgreiingsarbeid og arbeidsgrupper vil bli positivt vektlagt.
  • Kjennskap til samhandlinga innan forsking og innovasjon mellom universitet, høgskular og helseføretak vil bli særleg vektlagt.
  • Kjennskap til organisering og styring av norsk helsevesen vil bli positivt vektlagt.
  • Søkjar må kunne handtere norsk og engelsk svært godt, både munnleg og skriftleg.
  • Skriftleg framstillingsevne blir særleg positivt vektlagt, i tillegg til formidlings-, presentasjons- og kommunikasjonsferdigheiter.

Personlege eigenskapar

  • Vere initiativrik, sjølvstendig og analytisk
  • Kunne jobbe målretta og resultatorientert, men også vere fleksibel
  • Ha god evne til å organisere, vere flink til å prioritere arbeidsoppgåver
  • Ha gode samarbeidsevner og å vere eigna til jobbens krav 

Vi tilbyr

  • Vi kan tilby spennande utfordringar i ein organisasjon som er i sterk utvikling, dyktige og engasjerte kollegaer samt interessante og krevjande arbeidsoppgåver
  • Lønn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Helse og omsorg,
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Saksbehandler,
Forskning/Stipendiat/Postdoktor

Nøkkelord

forskingsadministrativt, arbeid, utviklingsarbeid, forsking, innovasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sølvi Lerfald
Stillingstittel
Fagleiar
Telefon
55 97 47 34
95 89 05 72
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Haukelandsveien 28, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 180870232
Sist endret 3. jun. 2020 12:39

Rapporter annonse