Utløpt

KOMPETANSE RYFYLKE

Arbeidsgiver
Ryfylke IKS
Stillingstittel
Prosjektleiar
Frist
19.06.2020
Ansettelsesform
Prosjekt

Ryfylke interkomunale selskap, i lag med kommmunane og dei vidaregåande skulane i Ryfylke, startar opp eit prosjekt som set fokus på kompetansepolitikk og livslang læring. Prosjektperioden er inntil tre år, med oppstart så raskt som råd.


Verdiskaping og verdikapring

Ryfylke er storeksportør av naturressursar og står overfor kompetansepolitiske utfordringar i tida som ligg føre. Regionen har vore ein sterk verdiskapar, men andre regionar har i for stort mon kapra desse verdiane. Derfor må det til eit sterkare fokus på kompetansepolitikk med ei tilnærming som er annleis enn tilfelle er i bynære strok.


Målet er å verdiskape, men og innovera og realisera meir (verdikapre) av dei store ressursane regionen sit på. Ryfylkeregionen har høg uformell kompetanse, men er svakare på formell kompetanse. 


Utfordringar i Ryfylke er: 

  • Omlag 20 % dei som bur i Ryfylke har utdanning utover v.g. skule (i Oslo-området vel 50%)· Opp mot 30 prosent i Ryfylke har berre fullført grunnskule. 
  • Det er stor vilje til etter- og vidareutdanning i Ryfylke, men 9 av 10 føreset at dei kan bu heime . 
  • Store avstandar - regionen utgjer heile 4369 kvadratkilometer - Rogaland er totalt 9378 km2·      
  • Folketalet har stått mest stille sidan 1965 og er i dag omlag 25 000. I Rogaland har folketalet økt til 460 000 i same periode.


For Ryfylke er derfor eit sterkare fokus på kompetansepolitikk viktig. Prosjektet skal drivast i nær dialog og skapast saman med arbeidslivet lokalt, NAV og dei vidaregåande skulane. Eit arbeid som legg press på kommunane sjølv, men og på kva regionen og opplæringsinstusjonane skal bidra til for støtta arbeidslivet og innbyggjarane sine opplæringsbehov.


Sentrale arbeidsoppgåver blir: 

  • Oppretting av Forum for livslang læring i Ryfylke
  • Kartlegging av utdanningsbehov 
  • Styrking og samarordning av rettleiingstenesta i Ryfylke 


Den me leitar etter:

  • Har høgare utdanning innan organisasjon, leiing og rettleiingsarbeid
  • Kjenner til og har erfaring frå rettleiingsarbeid med brukar i fokus
  • Har god kunnskap om utdanningssystemet
  • Har gode skriftlege og munnlege ferdigheiter


Me tilbyr:

  • Ein spennande stilling
  •  Løn og pensjonsordningar etter avtale 

Om arbeidsgiveren

Ryfylke IKS er samarbeidsrådet for fem av kommunane i Ryfylke. Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Sandnes har eit pliktande samarbeid som skal løfta og utvikla Ryfylke på mange plan. Føremålet med selskapet er å styrkja regionen gjennom større grad av interkommunalt samarbeid med hovudvekt på alle typar tiltaksarbeid og utviklingsprosjekt.

Sektor
Offentlig
Sted
4130 Hjelmeland
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse,
Rådgivning,
Undervisning og pedagogikk / Veileder

Nøkkelord

Motivasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Øyvind Lundbakk
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
99 00 99 65
Følg firma
4 følger dette firmaet

4130 Hjelmeland

Annonseinformasjon

FINN-kode 180852016
Sist endret 15. jul. 2020 10:48

Rapporter annonse