Utløpt

Folkehelsekoordinator i Bømlo kommune

Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Stillingstittel
Rådgjevar folkehelse og frivilligheit
Frist
17.06.2020
Ansettelsesform
Fast
Bømlo kommune har ledig 100% fast stilling som rådgjevar for folkehelse og frivilligheit.


Ansvarsområde

Stillinga er rådgjevar organisert i kommunedirektøren (rådmannen) sin stab og har eit viktig ansvar for kommunen sitt helsefremjande arbeid og er viktig kontaktpunkt for friviljuge lag og organisasjonar. Gjennom det helsefremjande arbeidet skal kommunen skape best mogleg livskvalitet for dei som bur og lever sine liv her, no og i framtida. 

 

Arbeidsoppgåver

• Vere bindeledd og rådgjevar på folkehelseområde på alle nivå, internt i kommunen, mellom innbyggjarar, frivillige og kommune og mot andre forvaltningsnivå som fylke og stat.

• Vere pådrivar for fokus på førebygging og helsefremjingsarbeidet og synleggjere det gjennom tverrfagleg samarbeid med einingane.

• Delta i overordna planarbeid og relevante saksområde innan førebygging og helsefremjing

• Utvikle samarbeid, gjerne gjennom prosjektarbeid mellom offentleg, frivillige lag og organisasjonar og næringsliv med mål om utvikling av gode helsefremjande tiltak i kommunen. 

• Legge til rette for arena som sikrar involvering og medverknad for alle.

• Ha fokus på områder i kommunen kor det er behov for målretta helsefremjande innsats/tiltak.

• Bidra til ansvar for folkehelsearbeidet gjennom koordinerande innsats.

 

Kvalifikasjonar

• Relevant høgare utdanning på høgskule/universitetsnivå

• Ynskjeleg med erfaring innan folkehelsearbeid 

• Gjerne relevant erfaring innan systemarbeid i offentleg sektor

• Erfaring frå prosjektarbeid, utviklingsarbeid og planarbeid

• Gode datakunnskap

• Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 

Personlege eigenskapar

• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 

• Ha evne til å tenke heilskapleg og jobbe på tvers av fagområde

• God gjennomføringskraft og engasjement 

• Kunne jobbe sjølvstendig 

• Serviceinnstilt, fleksibel og kreativ

• God framstillingsevne både skriftleg og munnleg 

 

Me kan tilby

• Varierte og spanande arbeidsoppgåver

• Fleksibel arbeidstid

• Konkurransedyktige løns- og avtalevilkår

• Medlemskap i KLP

Om arbeidsgiveren

Bømlo kommune er utviklingsorientert, og har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Me byggjer på verdiane raus, modig og engasjert.

Nettverk
Facebook, LinkedIn, X
Sektor
Offentlig
Sted
Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Bransje
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon,
Organisasjoner
Stillingsfunksjon
Koordinering,
Rådgivning,
Saksbehandler

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vanja Espeland
Stillingstittel
personalsjef
Telefon
53 42 31 11
Mobil
48 01 78 25
Følg firma
24 følger dette firmaet

Leirdalen 1, 5430 Bremnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 180787609
Sist endret 14. jul. 2020 16:16

Rapporter annonse