Utløpt

Psykologspesialist/psykolog

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Psykologspesialist/psykolog
Frist
15.06.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Ved BUP Nordhordland er det ledig fast stilling for psykologspesialist/psykolog. Det vert søkt etter spesialist i klinisk psykologi for barn og unge, men psykologar kan også søkje.

BUP Nordhordland held til i Knarvik og gjev tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er i overkant av 8000 barn i opptaksområdet, som består av kommunane Alver, Austrheim, Masfjorden, Fedje, Gulen og Modalen. I tillegg til individuell terapi legg vi vekt på gruppebehandling og psykoedukasjon til både born og foreldra deira. Vi ligg naturskjønt til, og ein del av behandlinga kan også vere arenafleksibel. 

Vi er ein poliklinikk med 19 gode kollegaer i eit tverrfagleg godt fellesskap. Vi arbeider etter kunnskapsbaserte metodar og har eit tett samarbeid med førstelinetenesta som for eksempel barnevern og andre relevante etatar. Vi ligg plassert ca 30 minuttar i frå Bergen sentrum, og det går ekspressbuss 4 gonger i timen i rushtida. Det går og snøggbåt frå Strandkaien som tar deg like til oss på Knarvik. Det er ein flott tur og ein god start på dagen.

No går nokre av våre dyktige kollegaer av med pensjon og vi søkjer difor etter 2 dyktige og engasjerte psykologspesialistar/psykologar som vil vere med oss vidare på ei spennande fagleg utvikling. I februar 2021 flyttar vi inn i eit nytt Helsehus saman med mellom andre vaksenpsykiatrien i Nordhordland og mange kommunale instansar, som barnevern og legevakt. Dette opnar for mange spanande moglegheiter framover.

Kven treng vi? Vi ser etter deg som er fagleg trygg og samstundes audmjuk og lærevillig. Og ikkje minst ser vi vi etter deg som klarar å skape ein god terapeutisk relasjon med barn, unge og foreldra deira i vanskelege periodar i liva deira.

For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av barn og unge
  • Pasientoppfølgjing
  • Det er aktuelt med metodeutvikling og fagleg spissing

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Ønskjeleg med erfaring frå utgreiing og behandling av psykiske vanskar hjå barn og unge
  • Det vil bli lagt vekt på erfaring og kompetanse som er i samsvar med poliklinikkens strategi og kompetanseplan

Personlege eigenskapar

  • Erfaring frå og eit ønskje om å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Erfaring frå førstelineteneste er ein fordel ettersom stillingane krev høg grad av samarbeid med kommunale instansar
  • Evne til å samarbeide om å nå seksjonens overordna målsetjingar
  • Opptatt av og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Individuelle kvalitetar blir lagt vekt på 
  • Du er ein triveleg og god kollega som bidrar til takhøgde og raushet
  • Du er fagleg trygg og samstundes audmjuk og lærevillig
  • Du er profesjonell i din framferd og bevisst ansvaret som ligg til rolla 

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg 
  • Gode pensjonsordninger 
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Kvassnesvegen 44, 5914 Isdalstø
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

Psykologspesialist,, psykolog, BUP, Nordhordland

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Monica Sture
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
99 02 72 53
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Kvassnesvegen 44, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 180498541
Sist endret 30. mai 2020 09:49

Rapporter annonse