Utløpt

Vi søkjer overlege/ spesialist i psykiatri til vår allmennpoliklinikk

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Overlege ved Kronstad DPS, allmennpsykiatrisk poliklinikk
Frist
28.06.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen; Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er lokalisert i eit flott og moderne bygg på Danmarksplass. Vi har to store almennpoliklinikkar. Det er Poliklinikk 1 som no søkjer overlege. Overlegen vil delta i eitt av dei to allmennteama. Poliklinikkane er i endring i retning av fleire spissa tilbod/ team, m.a. etablering av korttidsteam i tillegg til tradisjonelle allmennteam. Dette gir positive valmoglegheiter og gode vilkår for ein variert og interessant arbeidskvardag. Vi vil strekkje oss langt for å leggje til rette for søkjaranes interesser og behov, innanfor dei ramma vi har.

Poliklinikkane tar imot tilvisingar frå fastlegar, legevakta, sjukehuset og private spesialistar. Vi samarbeider med andre delar av Kronstad DPS, som ambulant akutteam, seksjon for gruppebehandling og sengepostane ved DPSet. Vi har eit godt tverrfagleg samarbeidsklima, eit godt arbeidsmljø og brei kompetanse innan ei rekkje behandlingsformer. Poliklinikkane har felles internundervising og det er faste legemøte kvar veke.

Vi søkjer etter ein engasjert og positiv fagperson med interesse for poliklinisk arbeid, i eit stort fagmiljø med fleire overlegar og mange trivelege kollegaer! 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av tilviste pasientar som har rett til prioritert helsehjelp
  • Samarbeid med øvrige faggrupper i team
  • Vurdering av akutt tilviste pasientar
  • Mogleg deltaking i korttidsteam, tidleg avklaringsteam eller inntaksteam vil avklarast i dialog med den enkelte søkjar
  • Rettleiing av LIS- legar
  • Deltaking i den faglege utviklinga av poliklinikken

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjend spesialist i vaksenpsykiatri eller snart godkjend spesialist
  • Erfaring frå poliklinikk og allmennpsykiatrisk verksemd
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Må ha gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Ha evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Vere fleksibel og personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Faglege utviklingsmoglegheiter

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Psykiater

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sonja Mellingen
Stillingstittel
Seksjonsleiar, psykologspesialist
Telefon
55 95 60 00
Kontaktperson
Lars Onsrud
Stillingstittel
Klinikkoverlege
Telefon
55 95 60 00
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 180424345
Sist endret 29. mai 2020 10:57

Rapporter annonse