Utløpt

Jurist/HR-rådgjevar

Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Stillingstittel
Jurist/rådgjevar
Frist
14.06.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Helse Fonna HF

Helse Fonna er ein organisasjon med over 4000 medarbeidarar. HR leverer HR-faglig kompetanse og tenester som utviklar organisasjonen, og bidrar til at Helse Fonna gir helsetenester av god kvalitet. HR har i dag 30 engasjerte medarbeidarar som saman ivaretar Helse Fonna sine strategiske, rådgjevande, støttande og saksbehandlande funksjonar innan personal, organisasjon og kompetanse, bemanningsløysningar, HMS og bedriftshelseteneste.

Vi  søkjer ein engasjert jurist/HR-rådgjevar som kan bidra i ein framtidsorientert kompetanseorganisasjon. Du har god organisasjonsforståing og evne til å finne løysningar i krevjande saker.  Som jurist/HR-rådgjevar vil du ha eit særskilt ansvar for juridisk rådgjeving særskilt opp mot arbeidsrettslege problemstillingar. Samtidig vil du vere ein viktig bidragsytar i organisasjonen for å sikre god og hensiktsmessig gjennomføring av HR-aktivitetar og vere ein sentral støttespelar for leiarane i deira utøving av arbeidsgjevaransvaret. Som jurist/rådgjevar vil du jobbe bredt med ulike problemstillingar.

Arbeidsoppgåver

  • Rådgjeving og aktiv bistand til leiarar innan personal-, organisasjons- og arbeidsmiljøfeltet
  • Juridisk rådgjeving og leiarstøtte knytt til prosessar og enkeltsaker
  • Følgje opp individuelle ansvarsområder etter avtale med nærmaste leiar
  • Bidra i utredningsoppgåver
  • Andre arbeidsoppgåver innan seksjonens ansvarsområder må påregnas

Kvalifikasjonar

  • Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitenskap, fortrinnsvis arbeidsrettsleg kompetanse, eller relevant utdanning frå høgskule/universitet
  • Dokumentert erfaring innan HR-rådgjeving er ønskjeleg
  • God faglig kunnskap innan HR prosessar og relevant lov- og avtaleverk er ønskjeleg
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Ønskjeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid og/eller leiarerfaring

Personlege eigenskapar

  • God organisasjonsforståing og gode analytiske evner 
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar
  • Arbeidar strukturert med god gjennomføringsevne
  • Er fleksibel og opptatt av å finna gode løysningar
  • Det å vere personleg eigna for stillinga blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt fagmiljø med dyktige kollegar
  • Varierte arbeidsoppgåver og fagleg utvikling i ein stor organisasjon
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Om arbeidsgiveren



I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Bransje
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Finn Arve Åsbu
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
52 73 20 85
Følg firma
155 følger dette firmaet

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 180121032
Sist endret 26. mai 2020 10:23

Rapporter annonse