Utløpt

Driftsteknikar Kjevik

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Driftsteknikar Kjevik
Frist
03.06.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Forsvarsbygg

Til våre lokasjon på Kjevik utenfor Kristansand søkjer vi to dyktige driftsteknikarar. Som driftsteknikar vil du verte vår fremste kontakt mot leigetakar, og du skal sørgje for tilfredsstillande eigedom, bygg og anleggsløysningar for kundane våre.

Som driftsteknikar hos oss vil du få varierte drifts- og vedlikeholdsoppdrag innan Forsvarsbyggs ansvar for anlegg og bygningsmasse.

Vi tilbyr spennande mogelegheiter for deg som er serviceinnstilt og arbeidsam. Stillingane rapporterar til arenaleiar. 

Forsvarsbygg er underlagt Offentlighetslovens bestemmelser - jfr spesielt Offentlighetslovens § 25.

Les gjerne meir om oss på www.Forsvarsbygg.no 

Arbeidsoppgåver

  • Utføre oppgåver innan drift og vedlikehald av bygningar, anlegg og tekniske installasjonar på våre lokasjoner i regionen
  • Fortløpande identifisere, iverksetje og løyse feil og manglar, samt halde god kontakt og dialog om status med kundane våre
  • Foreta ettersyn og løpande drift av tekniske anlegg
  • Fylgje opp drifts- og vedlikeholdsoppdrag utført av eksterne leverandørar
  • Kome med innspel til drifts- og vedlikehaldsplanar
  • Instruere/lære opp kunden sin representant samt brukarar i bruk av eigedomane og anlegga våre
  • Fylgje opp internkontroll av tekniske anlegg

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som rørlegger for den ene stillinga og fagbrev som elektriker for den andre stillinga. Det er ønskjeleg at begge også har kompetanse innanfor ventilasjon og kjøleanlegg
  • Erfaring frå drift og vedlikehald av eigedom, bygg og anlegg er naudsynt
  • Lang relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning 
  • Det er naudsynt at du snakkar og skriv godt norsk
  • Førerkort kl B
  • Søkjar må kunne sikkerheitsklarerast for nivå Hemmeleg/Nato Secret

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter deg som er service- og løysningsorientert
  • Du vis initiativ og tek ansvar
  • Du er strukturert og evner å jobba planmessig
  • Du er omgjengelig og samarbeidsorientert 

Vi tilbyr

  • Arbeidssted vil være Kjevik, men du må forvente å utføra oppgåver på fleire av våre lokasjonar
  • Løn som driftsteknikar (kode 1136) frå kr 428 200 - 488 000 brutto pr år (frå ltr 47 - 55) avhengig av kvalifikasjonar.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse, herunder gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Bedriftshelseteneste
  • Tilgang til treningsrom

Om arbeidsgiveren




Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.



Forsvarsbygg har som målsetting at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke uavhengig av alder, kjønn, religion, seksuell orientering, nedsatt funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Vi ønsker å knytte oss til nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin.


Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Kjevikveien, 4657 Kjevik
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Håndverker / Elektriker,
Håndverker / Rørlegger,
Ingeniør

Nøkkelord

Vedlikehold, drift,, elektro, rørlegger, eiendom

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Øystein Buen
Stillingstittel
Arenaleiar
Telefon
926 53 708
Følg firma
1568 følger dette firmaet

Kjevikveien, 4657 Kjevik

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 179533473
Sist endret 22. mai 2020 16:27

Rapporter annonse