Utløpt

Vikariat for apotekteknikar

Arbeidsgiver
Sjukehusapoteka Vest
Stillingstittel
Vikariat for apotekteknikar
Frist
07.06.2020
Ansettelsesform
Vikariat

Sjukehusapoteket i Førde leverer legemiddel og farmasifaglege tenester til Helse Førde HF som hovedkunde, og apoteket driv og publikumsutsal på Førde Sentralsjukehus. Dei om lag 20 tilsette i Førde er fordelt på fire avdelingar: publikumsekspedisjon, sjukehusekspedisjon, produksjon og farmasøytisk rådgjevingstenester.

Vi har no eit ledig årsvikariat som om mogeleg kan bli forlenga til fast stilling. Stillinga plasserast i eininga som passar best med kandidaten sin erfaring/kompetanse og apoteket sine behov. 

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av legemiddel
  • Ekspedering av reseptar og rettleiing av kundar
  • Varehandtering og logistikkoppgåver
  • Klargjering av forsendingar til sjukehus og institusjonar
  • Andre arbeidsoppgåver kan tilfalle ved behov

Kvalifikasjonar

  • Apotekteknikar med autorisasjon
  • Relevant arbeidserfaring er ynskjeleg, men vi vil gjerne høyre frå deg som er nyutdanna og
  • Du må meistre norsk, skriftleg og munnleg
  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter deg som trivast i ein hektisk kvardag, og det er forventa at du evnar å vera nøyaktig, strukturert og serviceinnstilt
  • I tillegg ser vi etter ein medarbeidar som kan arbeide sjølvstendig, vera løysningsorientert og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Det vert gjort ein samla vurdering av eigenskapane til kandidaten, der personlege eigenskapar og motivasjon vert vekta høgt

Vi tilbyr

  • Vikariat i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Om arbeidsgiveren

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.


Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga.

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Bransje
Farmasi og legemiddel,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Nøkkelord

Apotektekniker, Sykehusapotek, Farmasi, Apotekteknikar, Sjukehusapotek

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ina Ottesen
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
41 28 34 97
Kontaktperson
Gunvor Steine Tufte
Stillingstittel
Sjukehusapoteker
Telefon
41 43 69 75
Følg firma
196 følger dette firmaet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 179476562
Sist endret 28. mai 2020 12:56

Rapporter annonse