Utløpt

Nyoppretta stilling for byggdrifter

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Byggdrifter / vaktmester 20/980
Frist
28.05.2020
Ansettelsesform
Fast

Ledig stilling frå 01.08.20.

Den som vert tilsett skal inngå i eit vedlikehaldsteam og vil få eit særleg ansvar for konkrete bygg. Vi søkjer etter ein omgjengeleg person med allsidig relevant praksis, praktisk sans og erfaring med tekniske anlegg (SD, varme, ventilasjon). Vedkomande som vert tilsett vil i arbeidet sitt møte menneske med ulik bakgrunn og livssituasjon, og må ha evne til å kunne forhalda seg til det. Søkers personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Kvalifikasjonskrav:

  • fagbrev byggdriftar eller anna relevant fagbrev
  • søkjarar uten fagbrev med allsidig relevant fagleg og praktisk bakgrunn kan vera aktuelle, men må då inngå avtale om å ta fagbrev byggdriftar
  • gunnleggjande datakunnskapar
  • fysisk skikka
  • førerkort, gjerne BE/D1E

Personlege eigenskapar

  • du er sjølvstendig
  • du liker å samarbeida med andre
  • du er fleksibel
  • du er ansvarsbevisst
  • du har god arbeidskapasitet
  • du meistrar norsk munnleg og skriftleg

Den som vert tilsett må disponera eigen bil.

Det vert krevt politiattest etter opplæringslova og lov om barnehage.

Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Pensjon i KLP.

Om arbeidsgiveren

Verksemda eigedom består av avdelingane vedlikehald, reinhald og nybygg. Den kommunale eigedomsmassen er i dag totalt 114 000 m2. Det skal etter forslag til økonomiplan investerast for 860 mill. kr i åra 2019-2022, i første rekke innan skular,idrettshallar, aktivitetspark og kommunehus. Grunna auke i bygningsmassen er det oppretta ein 100% stilling som byggdrifter/vaktmeistar

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
4350 Kleppe
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester,
Håndverkstjenester,
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester

Nøkkelord

vaktmester

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kirsten Olafsrud Vestvik
Stillingstittel
vedlikehaldssjef
Mobil
48 89 47 36
Følg firma
243 følger dette firmaet

4350 Kleppe

Annonseinformasjon

FINN-kode 179292494
Sist endret 29. jun. 2020 14:12

Rapporter annonse