Utløpt

Prosjektleiar Byggnær IKT

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Prosjektleiar Byggnær IKT
Frist
08.06.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

PROSJEKTLEIAR - Fast 100% stilling frå 01.08.2020. Arbeidsstad ved Ålesund sjukehus.
Eigedomsforvaltning og utbygging, Helse Møre og Romsdal HF

Seksjon for eigedomsforvaltning og utbygging er organisert under avdeling for teknologi og utvikling i Klinikk for drift og eigedom. Seksjonen sine oppgåver er knytta til forvaltning av all eigedom i føretaket med tilhøyrande sjukehus og institusjonar og med eit samla areal på ca. 240.000 m2. Seksjonen har også ansvar for planlegging og gjennomføring av bygningsmessige tiltak i tilknytning til bygga. Seksjonen har for tida 8 tilsette. Les meir om oss på www.helse-mr.no 

Arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til utvikling av eigedoms- og bygningsmassen, herunder også bygg og anlegg der helseføretaket er leigetakar.
Prosjektleiar vil vere ansvarleg for planlegging, oppfølging og gjennomføring av ulike eigedom- og bygningsmessige tiltak, hovudsakleg innanfor fagområdet Byggnær IKT som blant anna omfattar:

  • Føretakets byggnære IKT-leveranser som fysisk datanett, strukturert kabling/spredenett og telefoni
  • Sikkerhetssystem (Innbrudd, adgangskontroll, kameraovervakning, overfallsalarm m.m.)
  • Bygningsautomasjon
  • Sentral driftskontroll (SD), lysstyring, romkontroll
  • Posisjonering, sporing, IOT
  • Teknologi i sengeområder (sjukeromsignal)

Prosjektleiar vil vere ein viktig medspelar og forme innovative løysingar som ivaretar intensjon om driftssikre, effektive og smarte sjukehusbygg. Tiltaka vil vere i nært samarbeid med andre i seksjonen, IKT i føretaket, Hemit og eksterne firma.
Prosjekta krev tydeleg leiing av kompetent prosjektleiar.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter kandidat med allsidig erfaring frå byggeprosjekt (prosjektleiing). Di erfaring vil vere ein viktig brikke i teamet ved seksjonen der eigenskap til å dele gode erfaringar og kunnskap blir verdsatt. 

  • Relevant utdanning innanfor tekniske fag, gjerne ingeniør eller sivilingeniør. Lang erfaring kan kompensere for ingeniørutdanning.
  • God økonomisk forståing og resultatorientert.
  • Kunnskap i forhold til relevant lovverk og standardar.
  • Gode datakunnskapar.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide i team i eit tverrfagleg arbeidsmiljø, evne til å halde brei kontakt med ulike interne grupper av brukarar, driftspersonell og eksterne aktørar.
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Gjennomføringskraft og personlege eigenskapar for stillinga vil bli vektlagde.

Vi tilbyr

Eit kunnskapsrikt og engasjert fagmiljø, med spennande arbeidsoppgåver og stor aktivitet.

  • Gode moglegheiter for eigen kompetanseutvikling
  • Lønn etter avtale
  • Fleksitid
  • Pensjonsordning. Det trekkast 2% av lønn til innskudd i KLP
  • Ein hyggeleg arbeidsplass i eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø

Vi ber om at dokumentasjon på utdanning og arbeidspraksis blir scanna og lasta opp som vedlegg til søknaden. 

Om arbeidsgiveren

Helse Møre og Romsdal HF gir
spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom
pasientverdiprosessen skape pasientens helseteneste . Vår visjon er å vere
''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om
lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og
Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk
helsevern og rusbehandling. Kontinuerleg forbetring er valt til hovudstrategi
for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur
til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting.
Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.


 


Vi
ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i
søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der
det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest.
Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste.
Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom
oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer
ikkje kontakt med annonseseljarar. 


For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Åsebøen 1, 6017 Ålesund
Bransje
Bygg og anlegg,
Eiendom,
Elektronikk,
IT,
Konsulent og rådgivning,
Telekommunikasjon,
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Elektroingeniør,
Ingeniør,
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations

Nøkkelord

Prosjektleder, IKT

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torolv Dalheim
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
41 66 83 22
Følg firma
208 følger dette firmaet

Åsebøen 1, 6017 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 178973786
Sist endret 14. mai 2020 15:59

Rapporter annonse