BESATT

Eit brennande engasjement for naturen?

Arbeidsgiver
Bergen og Hordaland Turlag
Stillingstittel
Naturvernansvarleg, vikariat 1 år
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Engasjement

Naturvernansvarleg i Bergen og Hordaland Turlag (heretter Turlaget), Den Norske Turistforening, og sekretariat for samarbeidsforumet DNT vest 

Vi har ledig eit vikariat i 1 år frå 1. august 2020 til 31. juli 2021.

Stillingens arbeidsoppgåver: 

• Ansvarleg for oppfølginga av naturverndelen i Turlaget sin strategiplan; 

o Saker som direkte påverkar Turlaget si drift av hytter, stinett og aktivitetar (geografisk Sogn og Fjordane og Hordaland).

o Saker av overordna regional og nasjonal betyding (resolusjonar ol.).

o Arbeid med fylkesplanar, fylkesdelplanar, forvaltingsplanar og prioriterte kommuneplanar, kommunedelplanar og planprosessar. Energisaker er en sentral del av arbeidet.

• Sekretær for naturvernutvalet. Saksførebuing, møteinnkalling, referatskriving. 

• Politisk arbeid med fylkeskommunen og kommunar; la politikarar og avgjersletakarar forstå viktigheita av å ta vare på grunnlaget for friluftsliv, som er naturen.

• Kontakt med eksterne institusjonar som fylkesmannen, fylkeskommunen og NVE. 

• Sekretær for DNT Vest, eit samarbeidsforum mellom foreiningane og FNF i denne regionen (Rogaland og Vestland fylke) for naturvernsaker og vindkraftsaker spesielt. 

• Bistå lokallaga (16 lokallag) i prioriterte naturvernsaker i fylket. 

• Samarbeid med seksjon for natur- og bærekraft i DNT sentralt under leiing av Anne-Mari Planke.  

• Aktiv informere medlemmane om naturvernarbeidet gjennom medlemsbladet Sti og Varde, og eksterne medium med innlegg, framlegg til saker ol. 

• Naturvernansvarleg er ansvarleg for oppfølging av miljøtårnsertifiseringa av Bergen og Hordaland Turlag sitt kontor i Friluftslivets hus.

Naturvernstillinga i Turlaget utgjer 60 prosent av arbeidstida, medan arbeid som sekretariat for DNT Vest og DNT utgjer 40 prosent. 

Kontorfellesskap med tjueto glade, friluftslivsentusiastar som er tilsette i administrasjonen i Turlaget, samt FNF-koordinator i FNF Hordaland. 

Stillingen rapporterer til: Dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag 

Arbeidsstad: Friluftslivets hus, Tverrgaten 4-6, Bergen 

Vi er på jakt etter en person med høgare, relevant utdanning og minimum 3 års relevant arbeidserfaring. Det er viktig å kunne arbeide sjølvstendig og vere strukturert. Ei god skrifteleg formidlingsevne er naudsynt. Vi tilbyr et godt arbeidsmiljø og spennende arbeidsoppgåver.

Lønn etter avtale. Gode ordninger for å ta del i Turlagets tilbod.

Om arbeidsgiveren

Bergen og Hordaland Turlag er Vestlandets største interesseorganisasjon for friluftsliv med over 32 000 medlemmar. Organisasjonen vart grunnlagt i 1890. Bergen og Hordaland Turlag er tilknytta Den Norske Turistforening (DNT). Foreninga sitt formål er å tilrettelegge for eit aktivt, enkelt og naturvenleg friluftsliv, og sikre kultur- og naturgrunnlaget. Frivillige arbeid er berebjelken i organisasjonen med over 100 000 timer i året/62 årsverk. Turlaget har 22 faste tilsette og administrasjonen har kontor i Marken, Bergen.

Nettverk
Facebook Twitter
Sektor
Organisasjoner
Sted
Tverrgaten 4-6, 5017 Bergen
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon,
Organisasjoner
Stillingsfunksjon
Konsulent,
Kontor og administrasjon,
Saksbehandler

Nøkkelord

Planarbeid, Kommuneplaner, Høyringsinnspel, Energisaker, Arealsaker

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helene Ødven
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
982 49 808
Kontaktperson
Nicolas Rodriguez
Stillingstittel
Naturvernansvarleg
Mobil
474 18 640
Følg firma
19 følger dette firmaet

Tverrgaten 4-6, 5017 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 178802815
Sist endret 23. jun. 2020 23:04

Rapporter annonse