Utløpt

Leiarstøtte/seniorkonsulent

Arbeidsgiver
NOKUT
Stillingstittel
Leiarstøtte i avdeling for regelverk og tilsyn
Frist
26.05.2020
Ansettelsesform
Fast

Avdeling for regelverk og tilsyn har 44 tilsette fordelt på tre seksjonar, som har ansvar for å forvalte og vidareutvikle regelverket i universitets- og høgskulesektoren. Avdelinga har vidare ansvar for tilsyn med utdanningskvaliteten ved norske universitet, høgskular og fagskular. Dette inneber mellom anna økonomisk tilsyn, akkreditering av og tilsyn med studietilbod og institusjonar, og tilsyn med institusjonane sitt systematiske kvalitetsarbeid. Avdelinga er delt inn i tre seksjonar; juridisk seksjon, seksjon for studieprogram og seksjon for institusjonar. Avdelinga søkjer å kunnskapsbasere alt sitt utviklingsarbeid og alle sine prosessar, og har eit nært samarbeid med organet si avdeling for evaluering og analyse.  

Avdelinga har no ei nyoppretta stilling som leiarstøtte- både til avdelingsdirektør og dei tre seksjonssjefane i avdelinga. Stillinga vil ha ansvar for å støtte avdelingsleiinga ved å hjelpe med sakshandsaming, koordinere avdelingsleiinga sine møter, leggje til rette for institusjonsbesøk, seminar og reiser, og følge opp konkrete delegasjonar.  Stillinga vil rapportere direkte til avdelingsdirektør. 

Arbeidsoppgåver

  • Varierte sekretær- og sakshandsamingsoppgåver, t.d. koordinering av avdelingsleiingas møter 
  • Koordinering og klargjering av avdelingsleiingas dokument, bl.a. møtedokument, styreframlegg, høringssvar, rutinebeskrivingar mv.
  • Sekretæroppgåver primært for avdelingsleiinga i samband med møteverksemd, arrangement og reiser
  • Koordinering av avdelinga sine arrangement, t.d. kurs, seminar og institusjonsbesøk 
  • Samarbeid med andre avdelingar i NOKUT, kontakt med andre offentlege verksemder og aktørar i sektoren for å leggje til rette for avdelingsleiinga
  • Bidra til god og rask informasjonsflyt i avdelinga og mellom NOKUT sine avdelingar, som t.d. tilretteleggjing av saker ved bruk av elektronisk sakssamhandlingssystem (Public 360), Teams og Sharepoint
  • Hjelpe saksbehandlarar i avdelinga med kontorfaglege oppgåver
  • Eventuelle andre oppgåver som fell inn under avdelinga sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • Minimum 6-8 års erfaring frå liknande arbeid
  • Høgare utdanning, men lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Erfaring med Office- pakka
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg

    Personlege eigenskapar

    • Systematisk og serviceinnstilt
    • Detalj- og kvalitetsbevisst
    • Effektiv, resultatorientert, og taklar å arbeide under press
    • Evne til å prioritere oppgåver
    • Positiv og engasjert
    • Identifiserer seg med NOKUT sine nøkkelord: etterretteleg, imøtekommande og nytenkjande

    Vi tilbyr

    • Lønn etter kvalifikasjonar i lønnsspenn 472.000- 605.500 (lønnstrinn 53-67) som seniorkonsulent
    • Eit aktivt og stimulerande arbeidsmiljø prega av fleksibilitet og utvikling
    • Ein kvardag prega av eit breitt spekter av ansvarsområder
    • Medlemskap i Statens pensjonskasse
    • Gode velferdsordningar som fleksibel arbeidstid, mobiltelefonordning og treningsfasilitetar

     

    Andre forhold

    Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en og redusert funksjonsevne. NOKUT bidreg til regjeringa si inkluderingsdugnad.
     
    Dersom søkjar ønskjer å reservere seg frå oppføring på den offentlege søkjarlista, må dei grunngje ønsket. Opplysningar om søkjarar kan gjerast offentlig sjølv om søkjar har bedt om konfidensiell behandling. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følgje  jf. offentleglova § 25.
     

    Vi tek sikte på å gjennomføre følgjande plan:
    • Fyrstegangsintervju vil bli gjennomført: uke 24 og 25
    • Andregangsintervju vil bli gjennomført: uke 25 
    Intervjua vil mest sannsynleg bli gjennomført digitalt.

     

     

    Om arbeidsgiveren



    NOKUT, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga,
    er eit fagleg uavhengig forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet.
    Føremålet til NOKUT er å sikre og fremje kvalitet i utdanninga ved


    • å føre tilsyn med,
      informere om og bidra til å utvikle kvaliteten i norsk høgare utdanning og
      høgare yrkesfagleg utdanning
    • å godkjenne og informere om
      utanlandsk utdanning og informere om vilkåra for godkjenning av utanlandsk
      utdanning og kompetanse i Noreg

     


    NOKUT sitt arbeid skal bidra til at samfunnet kan
    ha tillit til kvaliteten på norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg
    utdanning og godkjent utanlandsk utdanning. NOKUT har ca. 150 tilsette og held
    til i Drammensveien 288 på Lysaker.  Sjå www.nokut.no for meir informasjon.

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Drammensveien 288, 0283 Oslo
    Bransje
    Offentlig administrasjon
    Stillingsfunksjon
    Kontor og administrasjon,
    Kontor og administrasjon / Sekretær

    Spørsmål om stillingen

    Kontaktperson
    Øystein Lund
    Stillingstittel
    Avdelingsdirektør
    Telefon
    934 85 605
    Følg firma
    389 følger dette firmaet

    Drammensveien 288, 0283 Oslo

    Stort kart Hybridkart Flyfoto

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 178737056
    Sist endret 12. mai 2020 12:08

    Rapporter annonse