Utløpt

Vil du leie Miljødirektoratets arbeid med fjernmåling?

Arbeidsgiver
Miljødirektoratet
Stillingstittel
Seniorrådgivar - fjernmåling
Frist
24.05.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MILJØDIREKTORATET
Om stillinga

Miljødirektoratet forvaltar og formidlar samfunnsnyttige data om klima, naturmangfald, forureining, friluftsliv og polare område. Miljødata og data frå fjernmåling dannar eit viktig grunnlag i arbeidet vårt med å løyse ulike miljøutfordringar.

Arbeidet med fjernmåling aukar i omfang, og det er store forventingar til at Miljødirektoratet bidrar til at sensordata frå nye satellittar, dronar og laserdata blir teke meir aktivt i bruk i kartleggings- og overvakingsarbeidet vårt. Den auka tilgangen til nye data frå satellittar og laserkartlegging gir oss store moglegheiter i åra som kjem, og vil blant anna vere viktige i arbeidet med å utvikle kunnskapsgrunnlaget for å løyse viktige forvaltingsoppgåver på klima- og miljøområdet.

Miljødataseksjonen har ansvaret for å koordinere og samordne direktoratet sitt arbeid med miljødata. Seksjonen utgjer eit sterkt fagmiljø innan GIS. Vi søkjer no etter ein engasjert og kunnskapsrik seniorrådgivar som kan vere med på å vidareutvikle bruk av fjernmåling i miljøforvaltinga, slik at vi kan møte framtidas miljøutfordringar på ein best mogeleg måte.

Som medarbeidar i miljødataseksjonen vil du vere med på å gi råd og støtte til fagseksjonar, samordne og samarbeide med eksterne forskingsmiljø og bidra til å legge til rette fjernmålingsdata i kartleggings- og overvakingsprogramma våre. Seksjonen er ein av fem i direktoratet si tilsyn- og arealavdeling og har medarbeidarar både i Trondheim og Oslo.

Plasseringa av stillinga er anten på Brattøra i Trondheim eller på Helsfyr i Oslo.


Stillinga sine hovudansvarsområde
  • leie og koordinere arbeidet med fjernmåling i Miljødirektoratet gjennom ei intern faggruppe og Jordobservasjonsteamet
  • bidra til å utvikle metodikk for fjernmåling gjennom pilotprosjekt og samarbeid med eksterne forskingsmiljø og Norsk Romsenter
  • representere Miljødirektoratet i Copernicus User Forum saman med Norsk Romsenter og bidra til å analysere og synleggjere brukarbehovet til miljøforvaltinga i utviklinga av Copernicusprogrammet og i tilrettelegging av interne og nasjonale tenester
  • bidra til kompetanseheving og kompetanseutvikling på fjernmåling i direktoratet og i det nasjonale brukarforumet for Copernicus
  • leie ulike prosjekt for vidareutvikling av fjernmåling i direktoratet og i forvaltinga, for eksempel infrastruktur for fjernmåling og utvikling av indikatorar for nytt system for økologisk tilstand, nasjonale indikatorar og berekraftsindikatorane (SDG)

Kompetansekrav

Kvalifikasjonar

  • utdanning på mastergradsnivå med fjernmåling eller tilsvarande i fagkrinsen
  • svært god kompetanse på fjernmåling/fjernanalyse og minimum 2 års relevant arbeidserfaring frå fagfeltet
  • god kjennskap til Copernicus-programmet og EU-relaterte oppgåver
  • erfaring som prosjektleiar eller leiing av tilsvarande fagarbeid innan fjernmåling
  • erfaring med innkjøp og oppfølging av oppdragstakarar, inkludert budsjettrapportering
  • tilfredsstillande teknisk evnenivå innan ein eller fleire verktøy/teknologiar for tolking og analyse av fjernmålingsdata, biletbehandling, tilrettelegging av laserdata eller modellering
  • gode norsk- og engelskkunnskapar. Det vil telje positivt om du også kan eit av dei andre EU-språka.
  • fagleg kompetanse innanfor tema naturgeografi/biologi/økologi/klimatilpassing er ein fordel, men ingen føresetnad for å søkje

Eigenskapar

  • du har stor gjennomføringsevne og er flink til å leie og drive prosessar
  • du er strukturert, grundig og evnar å jobbe med fleire oppgåver og prosjekt samtidig
  • du er flink til å byggje faglege nettverk, nasjonalt og internasjonalt
  • du er open, nysgjerrig og flink til å sjå løysingar på tvers av fagområde
  • du jobbar godt sjølvstendig, men har samtidig gode evner til samarbeid og relasjonsbygging på tvers av fagområde og -seksjonar
  • du har gode formidlingsevner og liker å dele kunnskap, informasjon og erfaringar

Vi tilbyr
  • fast stilling
  • utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde og moglegheit til å vere med på å forme viktige sider av Miljøforvaltningas bruk av fjernmålte data
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
  • fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
  • lønn som seniorrådgivar frå kr. 583 900 (ltr. 65) til kr. 704 900 (ltr. 75) etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskild kvalifiserte søkjarar kan vurderast høgare.

Spørsmål om stillinga og korleis søke

Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Ingunn Limstrand på telefon 91577096/ ingunn.limstrand@miljodir.no. Spørsmål om søknadsprosessen kan også stillast til Gunn Hilde Garte, tlf. 47751389/ gunn.hilde.garte@miljodir.no. 

Du sender søknad med relevante vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.no.
Vi ønskjer at du lastar opp vitnemåla dine gjennom Vitnemålsportalen.

Merk søknaden: 24-2020 TMG

Søknadsfrist: 24.05.20

Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.

Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding, og skal bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den fyrste utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket blir evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utleverte til andre i samanheng med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Her er lenke til vår personvernerklæring (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/).


Om arbeidsgiveren

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.

Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har om lag 730 faste tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO), som er lokalisert 58 stader i landet. 

Sektor
Offentlig
Sted
Grensesvingen 7, 0661 Oslo
Flere arbeidssteder
  • 7010 Trondheim
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Geomatikk,
Ingeniør / Oppmåling og kartlegging,
Saksbehandler
Følg firma
2610 følger dette firmaet

Grensesvingen 7, 0661 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 178249818
Sist endret 8. mai 2020 11:41

Rapporter annonse