Utløpt

Prosjektleiar plan og utbygging

Arbeidsgiver
Vang Kommune
Stillingstittel
Prosjektleiar plan og utbygging
Frist
31.05.2020
Ansettelsesform
Engasjement

100 % stilling som prosjektleiar i eit 2-årig engasjement, og med moglegheit for forlenging.

Tilsetting og tiltreding snarast. Stillinga høyrer heime i Landbruk og teknisk etat. 

For meir info om etaten, sjå: www.vang.kommune.no/tenester/landbruk-og-teknisk/

Arbeidsoppgåver

Prosjektleiar med ansvar for prosjektgjennomføring i kommunen organiserast under kommunalsjef for landbruk og teknisk, og skal arbeide tett med arealplanleggjarar, leiar for vatn og avløp, samt leiar for drift og vedlikehald av kommunale bygg og vegar. 
  
Hovudansvaret vil vere å få satt vedtekne planar innan utvikling, drift- og vedlikehald ut i live, følgje opp kontraktar med entreprenørar, utvikle prosjektplanar, ivareta framdrift på prosjekta og rapportere på framdrift og økonomi. 
  
Målet med stillinga er å auke kapasiteten innan prosjektgjennomføring, få omsett investeringsmidlar og realisere verdien i pågåande og planlagde prosjekt. For å styrke kompetanse og utfylle vårt fagmiljø, søker vi difor etter ein person med kompetanse og erfaring innan prosjektleiing.

Kvalifikasjonar

  • Høgre utdanning, gjerne som ingeniør eller sivilingeniør
  • Prosjektleiarkompetanse
  • Ønskelig med erfaring frå offentlege anskaffingsprosesser og byggeleiing
  • Det er en fordel om du har kjennskap til Lov om offentleg anskaffing og offentleg forvaltning
  • Gode IT-kunnskapar
  • Kjennskap til kommunalt planarbeid
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • God gjennomføringsevne og å vere resultatorientert
  • Evne til å sjå saker i samanheng
  • God framstillings- og formidlingsevne skriftleg og munnleg
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • En allsidig, krevjande og spennande jobb
  • Moglegheit til å være med på å vidareutvikle ein spanande kommune
  • Gode kollegaer, godt faglig og sosialt arbeidsmiljø
  • Lønn etter kvalifikasjonar og etter kommunens løns- og stillingsregulativ
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Om arbeidsgiveren

Vestlandsfjell og Austlandsklima er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv. 

Sektor
Offentlig
Sted
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging,
Innkjøp/forhandling

Nøkkelord

ararealplan,, vatn,, avløp,, drift,, vedlikehald

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Elisabeth Harrang
Stillingstittel
Kommunalsjef
Telefon
91 17 33 84
Følg firma
24 følger dette firmaet

Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres

Annonseinformasjon

FINN-kode 178237354
Sist endret 8. mai 2020 09:50

Rapporter annonse