Utløpt

Vi søkjer etter fagrådgjevar i Region Vest

Arbeidsgiver
Maskinentreprenørenes Forbund
Stillingstittel
Fagrådgjevar i MEF Region Vest
Frist
14.08.2020
Ansettelsesform
Fast

Stillinga inngår i MEF Region Vest som består av fylka Nord Rogaland og Vestland med regionskontor i Bergen, samt to opplæringskontor (OKAB), eit for Nord Rogaland og Hordaland, og eit for Sogn og Fjordane.

Stillinga er utfordrande og gjev gode utviklingsmoglegheiter for den rette personen. Den set krav til sjølvstendigheit, samarbeidsevne og fleksibilitet, og vi ser etter deg som er omgjengeleg, løysingsorientert og er ein god relasjonsbyggar. Stillinga rapporterer til regionsjef. I samarbeid med servicekontoret i Oslo vil du vere eit viktig kontaktledd til offentlege myndigheiter, oppdragsgjevarar og skuleverket.


Arbeidsoppgåver

  • Tett kontakt med og oppfølging av medlemsbedriftene.
  • Ivareta medlemmanes interesser gjennom rådgjeving innan arbeidsgjevarspørsmål, bruk av bransjen standardar, kontraktforståing, helse miljø og sikkerheit (HMS), anleggsteknikk, drift og vedlikehald, vatn og avlaup (VA) med meir.
  • Ansvarsområde vil variere avhengig av kandidatens kompetanse og interessefelt/fagområde.
  • Planlegging og gjennomføring av medlemsmøte, seminar, fagsamlingar og kurs
  • Ta initiativ og følgje opp næringspolitiske saker som er viktige for medlemsbedriftene.
  • Kontakt med offentlege og private byggherrar, politikarar, andre bransjeforeiningar.
  • Tilrettelegging for og halde kurs i regi av MEF- skulen innan anleggs- og bergverksfaga.


Ønska kvalifikasjonar:

  • Dyktig og samarbeidsvillig person med relevant utdanning frå ingeniørhøgskule eller tilsvarande. Lang og relevant praksis kan erstatte formelle krav til utdanning.
  • Sjølvstendig og strukturert og samtidig ein god, fleksibel teamarbeidar.
  • Resultatorientert, utåtvend, initiativrik og tillitsvekkande.
  • Bransjeerfaring frå eitt eller fleire fagområde som anleggsteknikk, drift og vedlikehald, vatn og avlaup (VA), gjerne med erfaring frå rådgjevar eller byggherremiljøet.
  • Interesse/kunnskap om digitalisering, klima og miljø, arbeidslivskriminalitet eller prosjektstyring
  • Forelesarerfaring.


For stillinga gjeld:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gruppeliv, pensjon og helseforsikring
  • Telefon- og bilordning
  • Fagleg utvikling
  • Reise og møteverksemd utanfor ordinær arbeidstid
  • Kontorstad: Bergen
  • Tilbod om opplæring og kurs


Trivast du med ein aktiv og variert arbeidsdag i kontakt med andre? Då er dette truleg jobben for deg!

Om arbeidsgiveren

Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) er ein frittståande bransje- og arbeidsgjevarorganisasjon som representerer om lag 2200 små, mellomstore og store bedrifter med om lag 40.000 arbeidstakarar og omset for om lag 90 milliardar kroner i året. Medlemsbedriftene utfører anleggs- drift og vedlikehaldsarbeid, gjenvinnings- og avfallshandtering, brønn og spesialboring og avverkar skog.

I Region vest (Nord Rogaland og Vestland) representerer MEF 318 medlemsbedrifter med ca. 3200 arbeidstakarar med ei samla omsetning på om lag 10 milliardar kroner i året.

Nettverk
Facebook
Sektor
Organisasjoner
Sted
Eidsvågbakken 1, 5105 Eidsvåg i Åsane
Bransje
Arbeidstaker- og arbeidsgiverorganisasjoner,
Bygg og anlegg,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Kurs og opplæring,
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Paul Olaf Baraas
Stillingstittel
Regionsjef
Mobil
90 62 20 87
Følg firma
25 følger dette firmaet

Eidsvågbakken 1, 5105 Eidsvåg i Åsane

Annonseinformasjon

FINN-kode 177272108
Sist endret 26. jul. 2020 19:08

Rapporter annonse