Utløpt

Jobb i verdsarven ved Geirangerfjorden?

Arbeidsgiver
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv
Stillingstittel
Kulturvernforvaltar / Restaureringshandverkar
Frist
15.05.2020
Ansettelsesform
Prosjekt

VIL DU BLI VÅR NYE RESTAURERINGSHANDVERKAR / KULTURVERNFORVALTAR?

100 % stilling i Geirangerfjorden verdsarvområde.

 

Kva ser vi etter?

Vi søkjer handverkar med allsidig restaureringsfagleg kompetanse /utdanning knytt til istandsetjing av eldre bygningar og bygningsmiljø. Erfaring med istandsetjing etter antikvariske prinsipp er ein føresetnad. Kunnskap om / interesser for ivaretaking av kulturlandskap og kulturmiljø er ein styrke.

 

Oppgåver / funksjonar

Stillinga er knytt til Geirangerfjorden verdsarvområde med omland.

Arbeidsoppgåvene omfattar:

  • utøvande restaureringsarbeid
  • tilsyn med tilstand
  • rådgjeving
  • prosjektleiing og rapportering knytt til bevaring og vedlikehald av kulturminne/kulturmiljø/kulturlandskap.
  • Initiere tiltak og hjelpe eigarane med søknader om tilskot.

Det krevst god dialog og samarbeid med fylkeskonservator, Storfjordens Venner og andre lokale aktørar. Evner og vilje til samarbeid og kommunikasjon er ein føresetnad. Du bør elles vere fleksibel, kunne arbeide sjølvstendig, vere initiativrik og i stand til å motivere andre til innsats. Du må utføre administrative oppgåver på ein ryddig og strukturert måte.

Lønn etter avtale. Medlemskap i offentleg pensjonsordning gjennom KLP. Vi kan tilby deg eit triveleg, utfordrande og utviklande arbeid i eit område med høge internasjonale verdiar.

Dekningsområde og arbeidsbase

Geirangerfjorden verdsarvområde med omland. Verkstad/base vil vere ved Norddal prestegard i Fjord kommune, men du vil òg vere ein del av verdsarvteamet knytt til besøkssenteret i Geiranger.

Kontaktperson er formidlingsleiar Merete Løvoll Rønneberg, tlf. 99 37 65 85.

Søknad med CV sendast innan 15. mai 2020.

Meir info om arbeidet vårt finn du på www.fjordsenter.com

Om arbeidsgiveren

Søknad sendast til merete@verdsarvfjord.no

Sektor
Offentlig
Sted
Gjørvahaugane 35, 6216 Geiranger
Bransje
Bygg og anlegg,
Håndverkstjenester,
Jordbruk og skogbruk
Stillingsfunksjon
Håndverker,
Håndverker / Snekker/Tømrer,
Kvalitetssikring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Merete Løvoll Rønneberg
Stillingstittel
Formidlingsleiar naturarv/kulturarv
Mobil
99 37 65 85
Følg firma
5 følger dette firmaet

Gjørvahaugane 35, 6216 Geiranger

Annonseinformasjon

FINN-kode 176519552
Sist endret 3. jun. 2020 15:15

Rapporter annonse