Utløpt

Fagingeniør elektro

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Fagingeniør elektro
Frist
05.05.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Forsvarsbygg

Forsvarsbygg eigedomsforvaltning har behov for å styrke si fag og prosjektavdeling i region midt. Vi søker derfor etter ein Fagingeniør elektro til utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i Forsvarsbygg.

Stillinga har ansvarsområde i heile regionen, og mogleg arbeidsstad vil vere Trondheim, Ørland eller Værnes.
Stillinga rapporterar til Leiar fagingeniører.   

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i Offentlighetsloven - jamfør særleg Offentlighetsloven § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på våre karrieresider www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvarleg høgspenning, drift og vedlikehald på egne høgspenningsanlegg
  • Ansvarleg for å lede el-sikkerhetsarbeidet i samråd med eksisterande fagingeniør elektro og forestå regionen si drift og vedlikehald av elektriske installasjonar
  • Ansvarleg ifbm kabelpåvisning til gravemeldingar og arbeidstillatingar innan elektrofaget i regionen
  • Ansvarleg for å innhente og oppbevare samsvarserklæringar og anna relevant elektroteknisk dokumentasjon   
  • Fagleg oppfølging av elektrotekniske arbeid utført av eksterne elektroinstallatørar
  • Fremme innspel til vedlikehalds-, utviklings- og investeringsplaner samt forvaltning av EBA innanfor fagområdet elektro
  • Tilstandsanalyser på bygg og anlegg
  • Støtte prosjektleiarar slik at økonomiske målsettingar blir overholdt og at alle oppdrag er iht. vedtatte HMS/IK og samordningsansvar innan elektrotjenesten i regionen
  • Støtte prosjektleiarar med prosjektering innan elektrofaget i regionen sine vedlikehaldsprosjekter, samt vere fagleg rådgivar i regionen
  • Koordinere utføring med drifts organisasjonen 
  • Generell saksbehandling

Kvalifikasjonar

  • Du har elektroteknisk utdanning på høgskulenivå (bachelor) eller teknisk fagskule med relevant fagbrev (energimontør)
  • Du har minimum 3 års relevant erfaring og du må kunne registrerast i elvirksomheitregisteret som fagleg ansvarleg høgspenning 
  • Du har IT kunnskapar på saksbehandlarnivå  
  • Du har førarkort klasse B
  • Du kan flytende norsk munnleg og skriftleg 
  • Det er ønskelig med godkjent elektroinstallatør gruppe L 
  • Kandidaten må kunne bli tryggingsklarert opp til Hemmeleg/NATO Secret

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og målbevisst
  • Du er sjølvstendig og initiativrik
  • Du har god serviceinnstilling 
  • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Du har evne til å utvikle deg og er villig til å satse på nye utfordringar

Vi tilbyr

  • Lønn som overingeniør (kode 1087) frå kr 615 900,- til kr 679 000,- (ltr. 68-73) iht. Statens lønnsregulativ. Endeleg lønnsplassering vil bli gjort etter ei vurdering av kvalifikasjonar
  • Ein utfordrande og spennande jobb blant gode kollegaer
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, herunder gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Fleksibel arbeidstid 
  • Meiningsfullt samfunnsoppdrag 

Om arbeidsgiveren




Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.



Forsvarsbygg har som målsetting at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke uavhengig av alder, kjønn, religion, seksuell orientering, nedsatt funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Vi ønsker å knytte oss til nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin.


Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.

Sektor
Offentlig
Sted
Utsiraveien 4, 7045 Trondheim
Flere arbeidssteder
7500 Stjørdal,
7129 Brekstad
Bransje
Eiendom
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Elektroingeniør,
Håndverker / Elektriker

Nøkkelord

Fagingeniør, Elektro

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hein Åge Aspvik Olsen
Stillingstittel
Leiar fagingeniørane
Telefon
922 25 863
Følg firma
1916 følger dette firmaet

Utsiraveien 4, 7045 Trondheim

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 175912173
Sist endret 16. apr. 2020 13:14

Rapporter annonse