Utløpt

Spesialpedagog og PP-rådgjevar i PPT

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Stillingstittel
PP-rådgjevar
Frist
22.04.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden PPT består av Skuleteam, Barnehageteam og Pedagogisk fagsenter. Kontoret har i alt 27 stillingsheimlar. PPT er organisert under kommunalsjef for Oppvekst og kultur saman med Førebyggjande helseteneste, Barnevernstenesta, barnehagane og skulane.

Satsingsområda til PPT, saman med skule og barnehageeigar, er tidleg innsats i eit systemperspektiv,med fokus på livsmestring og læring i eit barnehage og skuletilbod som rommar og tek i vare allebarn og elevar.

Vi har ledige stillinger:

100 % stilling for PP rådgjevar for tida plassert i Skuleteam (60% fast og 40% vikariat)samt 100% fast stilling for spesialpedagog i pedagogisk fagsenter.

Sjå heimesida vår for detaljer i dei ulike stillingane og søknadsskjema.


Arbeidsoppgåver spesialpedagog

  • Spesialpedagogisk hjelp etter Barnehageloven § 19A
  • Jobbe saman med og rettleie personalet i barnehagen, når det gjeld barnehagen som  system og det individuelle barnet sine behov
  • Samarbeid med føresette og andre instansar rundt barnet.

Kvalifikasjonar spesialpedagog

  •  Høgskuleutdanning, fortrinnsvis master, innanfor fagområda pedagogikk / spesialpedagogikk
  •  Rettleiingskompetanse i høve heim og barnehage
  •  Evne til å arbeide sjølvstendig, vise fleksibilitet og kreativitet i høve arbeidet
  •  Forståing for viktigheten av heilskap i arbeidet med barn
  •  God skriftleg og muntleg framstillingsevne og digital kompetanse
  • Endringsvillig
  • Gode samarbeidsevner i høve ulike arenaer og tenester med ulikt oppdrag
  • Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar


Arbeidsoppgåver PP-rådgjevar

  •  Systemarbeid med fokus på tidleg innsats og kompetansehevande tiltak retta mot skulane og samhandlande tenester
  • Utgreiing og vurdering etter Opplæringslova § 5-1
  • Utgreiing og vurdering etter Opplæringslova § 4A-2
  • Rettleiing til skule og foresette

Kvalifikasjonar PP-rådgjevar

  •  Master i spesialpedagogikk eller Cand.psychol.profesjonstudiet i psykologi. Andre tilgrensande masteremne vil og bli vurdert
  •  Test og kartleggingskompetanse
  •  Erfaring fra skule / barnehage
  •  Rettleiingskompetanse

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.


Vi tilbyr

  •  Utfordrande arbeidsoppgåver i eit hektisk og godt miljø
  •  Stor grad av sjølvstende i arbeidet
  •  Fagleg rettleiing
  •  Løn etter avtale
  •  Pensjonsordning i KLP

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Du søkjer stillinga ved å gå på vår heimeside og den stillinga du ønskjer å søkje på, klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog,
Undervisning og pedagogikk / Veileder

Nøkkelord

spesialpedagog, psykolog, rådgiver, pedagog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingrid K Askvik
Stillingstittel
Einingsleiar
Mobil
93 26 14 93
Følg firma
482 følger dette firmaet

5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 174988430
Sist endret 19. mai 2020 12:52

Rapporter annonse