Utløpt

Lærarar Ytre Arna skule

Arbeidsgiver
Bergen kommune
Stillingstittel
Lærarar Ytre Arna skule
Frist
21.04.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Bergen Kommune

Lærarar Ytre Arna skule
Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel med 50 tilsette og 280 elevar. Ytre Arna skule har og velkomstklasse for nyankomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane.
Skulens visjon er: Lat dei gode kreftene sigra. Trivsel, tryggleik og læring for alle . Visjonen gjev retning for arbeidet på skulen. Satsing på god læring og arbeid for eit trygt og inkluderande miljø for elevar og tilsette blir sterkt vektlagt i skulen og i SFO.

Vi ynskjer å lytte til elevane og møte kvarandre med varme, for saman å gjere læringsarenaene trygge og skape eit godt og lærande skulemiljø.

Skulens leiarteam består av rektor og tre avdelingsleiarar som har nært samarbeid og tett oppfølging av alle våre tilsette. Skulen har nynorsk og bokmål som opplæringsmål.

Skulens hovudsatsingsområde er:
-  Ny læreplan, tverrfagleg undervisning
-  Olweus og Forandre med varme, verktøy for godt skulemiljø
-  Grunnleggjande ferdigheiter
-  Bruk av digitale verktøy

Skulen har ledig inntil 2 årsvikariat på 1.- 4.steg som kontaktlærar i 100 % stilling frå 01.08.2020.
Vi er opptekne av å rekruttera positive medarbeidarar, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetningar.  Vi ynsker trygge, varme, kreative og initiativrike lærarar. Menn oppfordrast til å søkje. 

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver:
Undervisning 1. - 4.steg
Kontaktlæraransvar
Samarbeid på steget

Kvalifikasjoner

Kvalifikasjonar:  
-  Godkjend lærarutdanning for undervisning 1.-7.steg 
-  Undervisningskompetanse i norsk og matematikk
-  Utdanning i praktiskestetiske fag vil vera ein fordel 
-  God digital kompetanse
-  God kompetanse i å bruke både nynorsk og  bokmål som målform

Personlige egenskaper

Personlege eigenskapar:
- Du er ein trygg, varm og tydeleg læringsleiar
- Du møter alle elevar, kollegaer og føresette med respekt og forståing
- Du har gode evner for samarbeid og likar å arbeide i team
- Du er fagleg engasjert, fleksibel og løysingsorientert
- Du er ansvarsbevisst og strukturert
 - Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø

 

Vi tilbyr

Vi tilbyr: 
Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar
IA-bedrift
Ein spannande kvardag med gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
Lønn etter gjeldande avtaleverk
Gode velferdsordningar
Dyktige kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø 

Om arbeidsgiveren

Bergen kommune søker motiverte medarbeidere som er kompetente, åpne, pålitelige og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tjenestene skapes gjennom godt arbeidsmiljø og mangfold blant ansatte.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
5265 Ytre Arna
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

Lærarar, Ytre, Arna, skule

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørg Guro L Pedersen
Stillingstittel
Rektor
Følg firma
5735 følger dette firmaet

5265 Ytre Arna

Annonseinformasjon

FINN-kode 174907595
Sist endret 6. apr. 2020 12:51

Rapporter annonse