Utløpt

Avdelingsingeniør

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Avdelingsingeniør
Frist
04.05.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Avdelingsingeniør - Ledig frå 01.06.2020 i seksjon Eigedomsforvaltning og utbygging, Helse Møre og Romsdal HF. 

Seksjon for eigedomsforvaltning og utbygging er organisert under avdeling for teknologi og utvikling i Klinikk for drift og eigedom. Seksjonen sine oppgåver er knytta til forvaltning av eigedom i føretaket med tilhøyrande sjukehus og institusjonar, med eit samla areal på ca. 240.000 m2. Seksjonen har også ansvar for planlegging og gjennomføring av bygningsmessige tiltak i tilknytning til bygga. Vidare har seksjonen ansvar for oppfølging og leige av 34 ambulansestasjonar, utleige av boliger mm. Seksjonen har for tida 7 tilsette. Les meir om oss på www.helsemr.no

Arbeidsoppgåver

Avdelingsingeniør har ansvar for føretaket sitt eigedomsarkiv, teikningsarkiv, etablering og oppfølging av BIM og andre digitale verktøy. Stillinga vil og vere knytt til oppfølging/bistand i arealsaker og byggeprosjekt i nært samarbeid med andre i seksjonen, blant anna:

- utarbeiding av teikningar i samband med utgreiing og planlegging av ulike prosjekt/arealsaker
- etablering og ajourhald av FDV-dokumentasjon
- framskaffe informasjon for utarbeiding og vedlikehald av skiltplanar mm. for føretaket sine bygg

på Nordmøre og i Romsdal (i hovudsak Molde, Hjelset og Kristiansund).

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter kandidat med kunnskap og kvalifikasjonar innan BIM og DAK. Erfaring frå byggeprosjekt, forvaltning og drift av eigedom vil bli vektlagd.
- Relevant utdanning innanfor tekniske fag, gjerne ingeniør.
- Det vil bli vektlagd kvalifikasjonar innan BIM teikneverktøy og for øvrig gode datakunnskapar. 

Personlege eigenskapar

- Eigenskap til å dele gode erfaringar og kunnskap.
- Evne til å arbeide i team i eit tverrfagleg arbeidsmiljø, halde brei kontakt med ulike interne grupper av brukarar, driftspersonell og eksterne aktørar.
- God muntleg og skriftleg framstillingsevne.
- Kunne arbeide systematisk/ strukturert.

Vi tilbyr

Eit kunnskapsrikt og engasjert fagmiljø, med spennande arbeidsoppgåver og stor aktivitet. Person i denne stillinga vil vere ein viktig lagspelar i eit framtidsretta teknisk fagmiljø ved nye SNR på Hjelset.
- Gode moglegheiter for eigen kompetanseutvikling
- Lønn etter avtale
- Fleksitid
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
- Fram til nye SNR står ferdig vil arbeidsstad vere ved Molde sjukehus.

Om arbeidsgiveren



Helse Møre og Romsdal HF gir
spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom
pasientverdiprosessen skape pasientens helseteneste . Vår visjon er å vere
''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om
lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og
Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk
helsevern og rusbehandling. Kontinuerleg forbetring er valt til hovudstrategi
for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur
til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting.
Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.


 


Vi
ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i
søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der
det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest.
Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste.
Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom
oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer
ikkje kontakt med annonseseljarar. 


For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Bjørnstjerne Bjørnsons veg 78, 6412 Molde
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torolv Dalheim
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
41 66 83 22
Følg firma
208 følger dette firmaet

Bjørnstjerne Bjørnsons veg 78, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 174587914
Sist endret 3. apr. 2020 08:10

Rapporter annonse