Utløpt

Vi søker strategisk analytikar med Russland som fagfelt

Arbeidsgiver
PST (Politiets sikkerhetstjeneste)
Stillingstittel
Strategisk analytikar (Russland)
Frist
20.04.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Politiets Sikkerhetstjeneste (PST)
PST handterer dei mest alvorlege trugslane mot landet sin tryggleik. Ei av våre høgast prioriterte oppgåver er å førebygge og hindre spionasje frå framande statar. Skal vi lukkast i dette arbeidet, er det avgjerande at vi forstår spenningsfeltet mellom Noregs og andre statars strategiske interesser, og korleis etterretninga spring ut av dette. Vi leitar no etter ein strategisk analytikar som kan forstå og skrive godt om desse problemstillingane. Stillinga vil ligge i førebyggande avdeling i PST, i seksjon for statlege aktørar.

Arbeidsoppgaver

Som strategisk analytikar hos oss vil du inngå i eit fagmiljø kor ditt ansvar vil vere å samanstille og analysere all informasjon som PST har på fagfeltet, og å vurdere kva som vil skje framover i tid. Slik vil du hjelpe mottakaren, anten internt i PST eller hos eksterne samarbeidspartnarar, med å forstå situasjonen og treffe gode avgjerder. Trugselbiletet du bidreg til å teikne, vil du formidle både i skriftleg produksjon og i presentasjonar for ulike mottakarar, også til mottakarar i myndigheitsapparatet utanfor PST, som til dømes departement og politisk leiing.
 
Til dagleg vil mykje av tida di gå med til å lese rapportar frå ulike partar og til å tenke strukturert på korleis denne informasjonen påverkar den overordna utviklinga av trugslane frå framande statar.
 
Vi legg vekt på god (etterretningsfagleg) analysemetodikk, og du vil få ta del i eit stort analysefellesskap kor fagleg utvikling og nytenking er svært viktig.  

Kvalifikasjoner

For å vere aktuell for stillinga må du ha høgare utdanning  på minimum masternivå eller tilsvarande, innan samfunnsfag, humaniora, politi eller forsvar. Du må ha god kunnskap om russisk politikk og samfunn, og det er ein fordel om du beherskar russisk språk. Relevant erfaring og særskilt kunnskap kan kompensere for krav om formell utdanning, utover bachelorgrad.
 
Det er ein fordel om du har utdanning eller erfaring innan (etterretnings-)analyse, utredningsarbeid eller liknande. Vi legg til grunn at du har god teknologisk kompetanse og forståing og er godt kjent med bruk av digitale arbeidsverktøy.
 
Stillinga krev svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk. 

Personlige egenskaper

Vi søker deg som har eit svært analytisk sinnelag, og som er god til å sjå samanhengar og mønster der andre berre ser støy. Du må også kunne samanstille denne innsikta på ein forståeleg måte tilpassa den enkelte mottakaren. Her må du vise til både svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne og til evne til å levere vanskelege vurderingar med riktig kvalitet til riktig tid. Du vil samarbeide med folk med ulik fagbakgrunn og frå mange ulike verksemder. Vi krev derfor gode samarbeidsevner. Arbeidsfeltet er i stadig endring, og du må også både ønske og evne å bidra til eigen og kollegaers faglege utvikling.

Vi legg vekt på at kandidatane er personleg eigna til arbeid i ei tryggingsteneste. Du må vere lojal, ha sunn dømmekraft og vere påliteleg. Du må tilfredsstille krava til høgaste sikkerheitsklarering og autorisasjon.

Som tilsett i ein beredskapsorganisasjon forventar vi at du er fleksibel og villig til å yte ekstra når situasjonen krev det. Endringer i stillingsinnhald, arbeidstid og organisatorisk tilhøyrighet kan førekomme, innanfor arbeidsgjevars styringsrett. 

Vi tilbyr

Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø og særs utfordrande arbeidsoppgåver innanfor eit fagfelt i rask vekst. Du vil få bidra til å trygge landet mot dei mest alvorlege trugslane. Du vil få erfaring og kunnskap som er ettertrakta også hos andre avdelingar og seksjonar i PST, og elles i samfunnet. 

Stillinga er fast. Du vil få årslønn innanfor spennet kr. 504 700,- til kr. 655 400,- i stilling som rådgivar/seniorrådgivar (SKO 1434/1364). For særleg kvalifiserte kandidatar kan vi vurdere høgare lønn. Endeleg lønnsplassering og plassering i stillingskode er avhengig av kvalifikasjonar.

Statens pensjonskasse tilbyr god pensjonsordning (2 % trekk frå lønna). 

Søknad og prosess

Våre tilsette skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere personar med fleirkulturell bakgrunn. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

Søknad skal sendast elektronisk. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta kopiar av attestar må då takast med. Testing av fagkunnskapar og i kva grad kandidaten er skikka for stillinga må påreknast. For å bli sikkerheitsklarert må du vere førebudd på å gi opplysingar om deg sjølv og dine nærmaste. Vi oppfordrar deg til å utvise diskresjon om at du søkjer stilling i PST. Meir informasjon om dette vil bli gitt under tilsettingsprosessen. 

Om arbeidsgiveren



Politiets tryggingsteneste (PST) er den nasjonale tryggings- og etterretningstenesta og har ei viktig rolle i vernet av demokratiet, borgarane og vitale samfunnsinteresser. PST er ei fleirfagleg teneste med behov for variert kompetanse. Vi har kontor i alle politidistrikt i landet og hovudkontor i Oslo.

Sektor
Offentlig
Sted
Nydalen, 0421 Oslo
Bransje
Politi og sikkerhet
Stillingsfunksjon
Analyse,
Rådgivning

Nøkkelord

analytiker, russland, etterretning, strategi, analyse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linn Havnelid
Telefon
23 30 50 00
Følg firma
4210 følger dette firmaet

Nydalen, 0421 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 174344838
Sist endret 8. apr. 2020 12:45

Rapporter annonse