Utløpt

Avdelingsleiar ved Valestrand skule

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
15.04.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

 

Kort om stillinga:

Kan du tenkje deg å bli ein del av skulen sitt leiarteam og jobbe med pedagogisk leiing, personalleiing og administrative oppgåver? Vi har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar frå 01.08.2020.

Valestrand skule ligg på Valestrand i Osterøy kommune, og er ein 1. - 7. barneskule med 195 elevar. Skulen sin SFO har 60 barn.

Leiargruppa, som er rektor og to avdelingsleiarar, har ansvar for skulen si utvikling og resultat. 

Rektor vil fordela pedagogiske og administrative oppgåver ut i frå avdelingsleiarane sin kompetanse, erfaring og interessefelt. Leiingsressursen i stillinga er dynamisk ut frå skulen sine behov og kompetanse i leiarteamet.

I år er utviklingsarbeidet konsentrert om fagfornyinga.

 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Som avdelingsleiar i Osterøy kommune får du spennande høve til å ta del i og få eit heilskapleg leiaransvar i Osterøyskulen
  • Samarbeide tett i skulen si leiargruppe
  • Samarbeide med tilsette, føresette og andre instansar for å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø prega av lærelyst og engasjement hos elevane
  • Ansvar for dagleg drift i eit av skulen sine to team
  • Analysere og iverksetje tiltak i læringsmiljøet slik at alle elevane får vere den beste versjonen av seg sjølv
  • Kommunisere tydelege mål og forventningar knytta til læring
  • Oppgåver er delegert av rektor
  • Personalansvar etter avtale med rektor
  • Følgje opp HMT-arbeidet
  • Faglærar som ein del av stillinga

 

 

Kvalifikasjonar:

  • Lærarutdanning og leiarutdanning
  • Pedagogisk erfaring
  • Teoretisk innsikt i forsking og praktisk evne i å utøve denne gjennom opplæring som fremjar elevane si faglege og sosiale læring
  • Innsikt i, og handlekraft til å gjennomføre fagfornyinga og framtidas skule
  • Gjerne erfaring med systematisk skuleutviklingsarbeid
  • Evne til å fremje ei heilheitleg og framtidsretta skuleutvikling i tråd med nasjonale og lokale føringar
  • Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt

 

 

Personlege eigenskapar:

  • Du identifiserer deg klart som skuleleiar og utøver tydeleg leiing gjennom å balansere styring og medverknad
  • Som lagspelar engasjerer, motiverer og inspirerer du elevar og kollegaer, samtidig som du har handlekraft og gjennomføringsevne ved å vere trygg, tydeleg, sjølvstendig og modig
  • Du identifiserer deg med Valestrand skule sine verdiar inkluderande, engasjert og kreativ
  • Du involverer, samarbeider og etablerer tillitsfulle relasjonar med alle du møter 
  • Du har evne til å bygge fellesskap, herunder profesjonsfellesskap og organisasjonskultur
  • Du har godt humør, er open, audmjuk, uthaldane og raus

 

 

Vi tilbyr:

Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Medlemskap i Statens pensjonskasse.

 

 

Anna informasjon:

Krav om politiattest jfr opplæringslova.

Vitnemål og attestar som ikkje er lasta opp elektronisk, vil ikkje bli returnert.

Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside.

Søkarlister er offentlege.

 

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna

Sektor
Offentlig
Sted
Valestrandsvegen 338, 5281 Valestrandsfossen
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk / Inspektør

Nøkkelord

Avdelingsleder, skole, lærer, inspektør, barn

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Astrid Brandal Øvsthus
Telefon
56 19 22 11
Kontaktperson
Britt Rød
Telefon
56 19 27 62
Følg firma
173 følger dette firmaet

Valestrandsvegen 338, 5281 Valestrandsfossen

Annonseinformasjon

FINN-kode 173959098
Sist endret 27. mar. 2020 12:12

Rapporter annonse