Utløpt

Kontaktlærarar og spesialpedagog

Arbeidsgiver
Time Kommune
Stillingstittel
Kontaktlærarar og spesialpedagog
Frist
13.04.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Ved Bryne skule er det ledig 3 stillingar i 100 % stilling frå 01.08.20.
Me treng 1 spesialpedagog og 2 kontaktlærarar på 1.-4. trinn.

Ei stilling er fast og 2 stillingar er vikariat.

 
Bryne skule er ein barneskule som ligg sentralt i Bryne med 500 elevar og har ca 75 tilsette skuleåret 2019-20. I
Time kommune brukar me digitale verktøy for å styrka læringa til elevane, og for å få til ei meir tilpassa opplæring. Alle
elevane har eige lærebrett (iPad) som eit viktig læringsverktøy. Bryne skule er ein del av Jærskulen.

Arbeidsoppgåver

Me ønskjer at du kan
- sjå og møta den einskilde elev der ho/han er
- arbeida systematisk for å få eleven til å oppleva meistring og framgang i læring
- samarbeide godt og spela på lag med andre
- arbeida etter leveregelen vår om "å gjera kvarandre gode"
 

Kvalifikasjonar

-  Fullført lærarutdanning eller GLU 1-7.
-  Det er ønskjeleg med spes.ped 1 og 2.( spesialpedagogstillinga)
-  Eit inkluderande og positivt elevsyn
-  Er ein god og tydeleg klasseleiar
­-  Mot til å meina, er tydeleg, robust og engasjert
-  Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert, og til å vera fleksibel og løysingsorientert
-  Gode samarbeidsevner, og liker å arbeida på lag med andre
-  God pedagogisk forståing, og blikket retta mot skulen i framtida
-  Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
-  Har god digital kompetanse

Me tilbyr

- Lønn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjonsordningar
- Eit kollegium som er opptekne av å finna løysningar saman
- Eit kollegium med god trivsel og mykje humor
- Retteleiingsprogram for nyutdanna lærarar.
- Opplæring for nytilsette i Olweus sit antimobbeprogram, SOL (systematisk observasjon av lesing og vurdering for
læring.)
- Kompetanseheving i bruk av digitale lærebrett.
 

Om arbeidsgiveren



"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har ca 18.500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.


 


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkja hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.


Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Ola Barkveds veg 16, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog,
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

spesialpedagog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Heidi Barvik
Stillingstittel
Rektor
Telefon
91 37 43 19
Følg firma
605 følger dette firmaet

Ola Barkveds veg 16, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 173954751
Sist endret 27. mar. 2020 11:24

Rapporter annonse