Utløpt

Sogn Avis søkjer ansvarleg redaktør / dagleg leiar

Arbeidsgiver
Sogn Avis
Stillingstittel
Ansvarleg redaktør / dagleg leiar
Frist
30.04.2020
Ansettelsesform
Fast
Sogn Avis sin posisjon og samfunnsrolle i Indre Sogn er unik. Vi har ambisjonar om å vekse digitalt og styrke vår posisjon endå meir dei neste åra. Til å leie dette arbeidet søkjer vi etter ein ansvarleg redaktør / dagleg leiar med stort engasjement for lokalsamfunnet og lokal journalistikk, og med ønskje om å utvikle avisa vidare. 

Du vil få eit samla leiaransvar for redaksjonell drift og utvikling, i tillegg til overordna ansvar for kommersiell drift og administrasjon i avisa. Regional salsleiing og administrative støttefunksjonar er samla i fellesfunksjonar hjå Amedia region Vest. Sogn Avis består av 23 tilsette, fordelt på redaksjon og sal. Du vil rapportere til styreleiar / regiondirektør for Amedia region Vest. 

Vi leitar etter deg som har journalistisk teft og ønskjer å vere ein tydeleg, inspirerande og synleg leiar. Du må ha lyst og evne til å leie Sogn Avis som organisasjon gjennom interessante og krevjande prosessar dei kommande åra. Du evner å skape entusiasme for endring og utvikling. Du vil fremje engasjerande lokalt innhald og bidra til at Sogn Avis styrker sin digitale posisjon i Indre Sogn.

ANSVAR OG OPPGÅVER: 

  • Leie og vere med å utvikle det redaksjonelle arbeidet, med spesielt fokus på den digitale utviklinga

  • Ansvar for å forvalte den publisistiske plattforma til avisa og vere ein garantist for at avisa ivaretek si uavhengigheit, saklegheit, sin relevans og sitt samfunnsansvar

  • Overordna og heilskapeleg leiar- og resultatansvar for avisa

  • Ansvar for økonomi (budsjett, rekneskap og prognose) 

  • Personalansvar og medarbeidarutvikling 

  • Tett samarbeid med kollegaer, sentralt og regionalt i Amedia

  • Rapportering til styret i avisa


ØNSKA KVALIFIKASJONAR OG BAKGRUNN: 

  • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan journalistikk

  • Nokre års erfaring som journalist og redaksjonell leiarerfaring er ønskjeleg 

  • Klar forståing for medieutvikling og digitalisering 

  • Det er viktig at du har god presseetisk vurderingsevne

  • Er opptatt av innsikt og analyse i utviklingsarbeidet 

  • Svært gode språkkunnskapar på nynorsk, skriftleg og munnleg

VI SØKJER DEG SOM:

  • Er opptatt av resultat og kvalitet

  • Er utviklingsorientert og initiativrik 

  • Har ein involverande og inkluderande leiarstil

  • Har gode samarbeidsevner

  • God til å kommunisere 

  • Har god forretningssans

Om du har noko av det vi er på jakt etter, og har ambisjonar og ønskje om å utvikla deg vidare, oppmodar vi deg til å vise interesse for stillinga. 

Vi tilbyr ei sentral og viktig stilling i ei avis med klare ambisjonar om digital vekst. Sogn Avis kan tilby deg eit godt miljø beståande av dyktige og engasjerte kollegaer. Du vil bli ein del av eit mediekonsern i positiv utvikling og vekst. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, ordna arbeidsforhold, god pensjonsordning og gode forsikringsordningar. Arbeidsstad er i våre lokaler i Leikanger. 

Les meir om korleis det er å jobbe i Amedia på karriere.amedia.no

For meir informasjon, ta kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY AS ved rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200, eller researcher Kristine Valen, tlf.  926 94 052. 

Vis di interesse for stillinga med å registrera din CV og søknad snarast. Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden. All kontakt blir handsama konfidensielt – òg overfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskjeleg.

Søknadsfrist: 30. april - søknader blir vurdert fortløpande.

Om arbeidsgiveren

Sogn Avis er det største mediehuset i Indre Sogn, engasjerer om lag 20.000 lesarar dagleg, og hadde ein omsetnad på 41,5 mnok i 2018. Vi har vekstambisjonar og skal halde fram å vere det leiande mediehuset i vår region. Sogn Avis er ein del av mediekonsernet Amedia. 

Amedia er Noregs største utgjevar av lokale medier. Dagleg når konsernet sine medier 1,9 millionar lesarar gjennom sine 75 lokale avistitlar og Nettavisen. Amedia driv i tillegg omfattande trykkeriverksemd i Noreg og Russland. Konsernet omsette i 2018 for 3,6 milliardar kroner og er eigd av Amediastiftelsen. Les meir på sognavis.no og amedia.no

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Riverdalen 5, 6863 Leikanger
Bransje
Medie- og innholdsproduksjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Journalist

Nøkkelord

avis, journalist, redaktør, journalistikk, redaksjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Tore Hamnøy
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
41 10 22 00
Nettverk
LinkedIn Twitter
Kontaktperson
Kristine Valen
Stillingstittel
Researcher
Telefon
92 69 40 52
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
720 følger dette firmaet

Riverdalen 5, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 173947930
Sist endret 27. mar. 2020 10:23

Rapporter annonse