Utløpt

Rådgjevar/seniorrådgjevar i spesialisthelsetjenesteavdeli? ngen

Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsdepartementet
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Frist
17.04.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med HELSE- OG OMSORGSDEPARTEMENTET
Mangfald og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet 

Vi er opptekne av mangfald, og ønskjer å vere ein arbeidsplass som speglar folket. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg arbeidstilhøva til rette om det trengst.  

Gjev du til kjenne at du har innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan opplysningane du gjev, brukast til statistikkformål.


Om stillinga, avdelinga og seksjonen

Vi har no ledig ei 100 % fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar i spesialisthelsetenesteavdelinga, seksjon for kompetanse, forsking og innovasjon. Spesialisthelsetenesteavdelinga har ansvar for innhaldet i, styring og oppfølging av spesialisthelsetenesta. Seksjon for kompetanse, forsking og innovasjon har ansvar for koordinering av departementet sitt arbeid med forsking, utvikling og innføring av nye metodar i spesialisthelsetenesta, utdanning og kompetanseutvikling, organisering av nasjonale tenester, pasienttryggleik, nasjonale kvalitetsregister samt innovasjon og næringsutvikling. Seksjonen deltar i internasjonalt arbeid innanfor fagområda


Arbeidsoppgåver

Til stillinga ligg eit heilskapleg ansvar for departementet sitt arbeid med å følge opp, koordinere og vidareutvikle det nasjonale systemet for innføring av nye metodar i spesialisthelsetenesta. Systemet skal bidra til kunnskapsbasert innføring og revurdering av metodar som blir brukte i spesialisthelsetenesta. Framover er det viktig at systemet blir tilpassa bruk av persontilpassa behandling. I tillegg vil den som blir tilsett, kunne få andre arbeidsoppgåver innanfor ansvarsområda til seksjonen og avdelinga.


Kvalifikasjonar

Vi ser etter ein person som har

  • høgare utdanning på minimum masternivå
  • god kunnskap om offentleg forvaltning
  • relevant arbeidserfaring
  • kjennskap til spesialisthelsetenesta og system for nye metodar
  • svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne både på norsk og engelsk.

Vi søker etter ein person som

  • er initiativrik
  • er sjølvstendig
  • er nøyaktig
  • er effektiv
  • liker å samarbeide med andre
  • har evne til raskt å sette seg inn i aktuelle saksområde
  • kan arbeide under tidspress.

Vi legg vekt på personlege eigenskapar som gjer nettopp deg skikka til stillinga. 


Vi tilbyr
  • eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og hyggelege kollegaer som er stolte av jobben sin
  • eit spennande arbeidsområde
  • gode utviklingsmoglegheiter
  • fem veker ferie
  • ordning med fleksibel arbeidstid 
  • gode velferdsordningar og eit breitt tilbod av sosiale og kulturelle aktivitetar
  • treningsrom og moglegheit for å trene i arbeidstida (to timar i veka). 

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet (https://www.regjeringen.no/no/dep/hod/jobb-i-hod/jobbe-i-helse--og-omsorgsdepartementet/id2411858/)

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn: kr 550 000 til 730 000, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.


Vil du vite meir? 

Dersom du tykkjer dette høyrest interessant ut og ønsker nærmare informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Maiken Engelstad på telefon 22 24 83 33 eller 98 01 34 10.


Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.

 

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.  

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.    

 

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.  


Om arbeidsgiveren

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta,

medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka. Departementet har 220 tilsette.     

Les meir om oss på regjeringa.no.
 

 

Sektor
Offentlig
Sted
Teatergata 9, 0180 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler
Følg firma
1066 følger dette firmaet

Teatergata 9, 0180 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 173943918
Sist endret 31. mar. 2020 16:05

Rapporter annonse