Utløpt

Er du oppteken av berekraftig utvikling av miljø og samfunn?

Arbeidsgiver
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Stillingstittel
To spennande stillingar i Miljøavdelinga- rådgivar/seniorrådgivar
Frist
13.04.2020
Ansettelsesform
Fast
Om stillingane

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har ledig to faste 100% stillingar i Miljøavdelinga.
Miljøavdelinga har oppgåver innan arealplan, naturforvaltning, vassforvaltning og forureining. Stillingane er i utgangspunktet knytt til faggruppe plan, men andre arbeidsoppgåver kan og vera aktuelle.

Faggruppe Plan tar hand om dei nasjonale interessene Fylkesmannen har ansvaret for i plansaker etter plan- og bygningslova; miljøvern, naturforvaltning, klima, landbruk, samfunnssikkerheit, folkehelse og interessene til barn og unge. Vi legg vekt på å ha god dialog med alle partar i planprosessen, og å vera til stades på relevante arenaer. Det inneber varierte arbeidsoppgåver og nær kontakt med kommunar og regionale og statlege styresmakter.

Kontorstad for stillingane vil vera Tønsberg.


Arbeidsoppgåver
  • Skriva høyringsutsegner til arealplanar og dispensasjonssaker
  • Delta i planforum og andre møter med kommunar
  • Delta i fagmøte og andre samarbeidsaktiviteter internt og eksternt
  • Opplæring og rettleiing av kommunar, om tema innan Fylkesmannens ansvarsområde
  • Bidra til fagleg utvikling og utarbeiding av rutinar og rettleiingsmateriell
  • Ein må være budd på å kunne ta andre oppgåver innan Miljøavdelinga sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonskrav
  • Relevant høgare utdanning på masternivå (planfagleg, naturfagleg, samfunnsfagleg, juridisk eller liknande).
  • Det er ein fordel med erfaring frå offentleg forvaltning, særleg innan plan eller naturforvaltning.
  • Du må kunne uttrykka deg godt både skriftleg og munnleg på norsk. Fylkesmannen nyttar båe målføre.

Personlege eigenskapar som vi vil sjå etter 
  • God vurderingsevne og rolleforståing
  • Serviceinnstilling, imøtekommande og profesjonell haldning
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • God arbeidskapasitet med effektiv oppgåveløysing
  • Aktiv og deltakande i arbeidsmiljøet, med godt humør
  • Evne til å arbeidde sjølvstendig og samstundes vera ein konstruktiv bidragsytar i eit sterkt fagmiljø
  • Interesse for sektorovergripande arbeid og bygging av faglege nettverk

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt ved tilsetjing.


Vi tilbyr
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø.
  • Gode sosiale vilkår med fleksibel arbeidstid og pensjonsordningar i Statens pensjonskasse.
  • Lønn som rådgivar/seniorrådgivar, stillingskode 1434/1364, med årslønn kr 530 000 - 630 000  pr. år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.

Det er 6 månaders prøvetid.


Generelle opplysningar

Kontorstad for stillingane vil vera Tønsberg.

Vi tar atterhald om endring av oppgåvene til stillinga. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkarliste. Vi er opptatt av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i samfunnet. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søka, uansett kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Embetet ønsker å realisera målet til regjeringa knytt til inkluderingsdugnaden om at minst 5% av dei nytilsette i staten skal vera personar med nedsett funksjonsevne eller avbrot i yrkes karrieren.

Du kan få nærare informasjon om stillinga ved førespurnad til: Direktør Elisabet Rui tlf.nr: 33 37 11 78 eller assisterande direktør Grethe Helgås tlf. nr: 33 37 23 09.

Vi ber om at søknad, med referansar, vedlagt vitnemål og relevante attestar, blir sende elektronisk via jobbnorge.no.

Søknadsfrist: 13. april 2020.


Om arbeidsgiveren

Fylkesmannen er staten sin representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa. Fylkesmannen er eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter, og er ein viktig rettstryggingsinstans. Vi har arbeidsoppgåver på ei rekke fagfelt, blant anna utdanning og oppvekst, helse og sosial, miljø, landbruk, samfunnssikkerheit og beredskap og kommunal økonomi og forvaltning.

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har ca. 210 medarbeidarar. Vi har kontor i Tønsberg og Skien. Hovudkontoret er lokalisert i Tønsberg.

I 2020 flyttar vi inn i nye lokale i Tønsberg ved jernbanestasjonen.

 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Anton Jenssensgate 4, Statens Park, bygg I, 3103 Tønsberg
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Saksbehandler
Følg firma
125 følger dette firmaet

Anton Jenssensgate 4, Statens Park, bygg I, 3103 Tønsberg

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 173942065
Sist endret 27. mar. 2020 08:53

Rapporter annonse