Utløpt

Er du oppteken av berekraftig arealutvikling?

Arbeidsgiver
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Stillingstittel
Spennande stilling som fagsjef Plan i Miljøavdelinga
Frist
01.04.2020
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har ledig ei fast 100% stilling som fagsjef for faggruppe Plan i Miljøavdelinga.

Fagsjefen har ansvaret for oppfølging av oppgåvene til faggruppa. Faggruppe Plan tar hand om dei nasjonale interessene Fylkesmannen har ansvaret for i plansaker etter plan- og bygningslova; miljøvern, klima, landbruk, samfunnssikkerheit, folkehelse og barn og interessene til unge. Arbeidet består i å skriva høyringsutsegner til mellom anna arealplanane og dispensasjonssakene kommunen sender over for fråsegn. Vi legg vekt på å ha god dialog med alle partar i planprosessen, og å vera til stades på relevante arenaer. Det inneber varierte arbeidsoppgåver og nær kontakt med kommunar og regionale og statlege styresmakter.

Kontorstad for stillinga vil vera Tønsberg.


Arbeidsoppgåver
  • Fordeling av saker og arbeidsoppgåver innanfor faggruppa.
  • Gjennomføre fagmøte og andre samarbeidsaktiviteter internt og eksternt.
  • Oppfølging av embetsoppdraget, saksbehandling og restansar.
  • Saksbehandling innanfor faggruppa sitt ansvarsområde.
  • Ansvar for interne rutinar/prosedyrar.
  • Ansvar for fagleg oppdatering på fagområdet som lovverk, rundskriv, faglege rettleiarar og liknande.
  • Rapportering innanfor faggruppa sitt ansvarsområde.
  • Kvalitetssikre, godkjenne og signere utgåande brev etter delegasjon.
  • Delta i møter og koordinering av avdelinga sine oppgåver samen med andre fagsjefar og direktør/ass. direktør.

Kvalifikasjonskrav
  • Relevant høgare utdanning på masternivå (planfagleg, samfunnsfagleg, juridisk eller liknande).
  • God kjennskap til og eigen erfaring frå planprosessar etter plan- og bygningslova.
  • Det er ein fordel med god fagleg innsikt i offentleg forvaltning.
  • Det er ein fordel med erfaring frå leiing av prosjekt eller teamarbeid

Personlege eigenskapar
  • Strukturert og resultatorientert.
  • God vurderingsevne og rolleforståing.
  • Gode samarbeids- og koordineringsevner.
  • Stillinga krev gode kommunikasjonseigenskapar og evne til å uttrykka seg godt skriftleg, som munnleg. Fylkesmannen nyttar båe målføre.
  • God arbeidskapasitet med effektiv oppgåveløysing.
  • Evne til å arbeidde sjølvstendig og samstundes leggja til rette for eit sterkt fagmiljø og eit godt arbeidsmiljø i faggruppa.
  • Interesse for sektorovergripande arbeid og bygging av faglege nettverk.
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt ved tilsetjing.

Vi tilbyr
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø.
  • Gode sosiale vilkår med fleksibel arbeidstid og pensjonsordningar i Statens pensjonskasse.
  • Lønn som seniorrådgivar, stillingskode 1364, kr 640 000 - 680 000 pr. år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • Det er 6 månaders prøvetid.

Generelle opplysningar

Kontorstad for stillinga vil vera Tønsberg.

Vi tar atterhald om endring av oppgåvene til stillinga. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkarliste. Vi er opptatt av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i samfunnet. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søka, uansett kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Embetet ønsker å realisera målet til regjeringa knytt til inkluderingsdugnaden om at minst 5% av dei nytilsette i staten skal vera personar med nedsett funksjonsevne eller avbrot i yrkes karrieren.

Du kan få nærare informasjon om stillinga ved førespurnad til: Direktør Elisabet Rui tlf.nr: 33 37 11 78 eller assisterande direktør Grethe Helgås tlf. nr: 33 37 23 09

Vi ber om at søknad, med referansar, vedlagt vitnemål og relevante attestar, blir sende elektronisk via jobbnorge.no.

Søknadsfrist: 1. april 2020.


Om arbeidsgiveren

Fylkesmannen er staten sin representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa. Fylkesmannen er ein viktig rettstryggingsinstans. Vi har arbeidsoppgåver på ei rekke fagfelt, blant anna utdanning og oppvekst, helse og sosial, miljø, landbruk, samfunnssikkerheit og beredskap og kommunal økonomi og forvaltning.

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har ca. 210 medarbeidarar. Vi har kontor i Tønsberg og Skien. Hovudkontoret er lokalisert i Tønsberg, nær buss og jernbane.

I 2020 flyttar vi inn i nye lokale i Tønsberg ved jernbanestasjonen.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Anton Jenssensgate 4, Statens Park, bygg I, 3103 Tønsberg
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler
Følg firma
127 følger dette firmaet

Anton Jenssensgate 4, Statens Park, bygg I, 3103 Tønsberg

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 172889396
Sist endret 13. mar. 2020 13:25

Rapporter annonse