Utløpt

Kommunalsjef for Helse og velferd

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Kommunalsjef Helse og velferd
Frist
snarest
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MU AS

Me søker ein nyskapande og samarbeidsorientert leiar som vil vere sentral i den vidare utviklinga av tenesteområde Helse og velferd samt Klepp kommune som samfunnsaktør. Strategiske evner vil difor vere viktig, men det må kombinerast med gjennomføringsevne og handlekraft. Kommunalsjefen inngår i rådmannens leiargruppe, og skal som leiar bidra til heilskapleg leiing og felles kultur i Klepp kommune.

Kommunalsjef for Helse og velferd vil få ansvar for eit av dei største tenesteområda i Klepp kommune. Tenesteområde har rundt 620 ansatte og består av seks verksemdsområde: Inngangen, NAV, miljøteneste, heimeteneste, institusjonsteneste samt helse og inkludering. Kommunalsjefen vil ha det strategisk overordna ansvaret for utviklinga av tenesteområde i nært samarbeid med sektorens verksemdsleiarar. Kommunalsjefen vil og få ansvaret med å sørge for god og effektiv drift av det samla tenesteområde innanfor kommunale planer, budsjett og gjeldene lov- og regelverk.

Klepp kommune er i utvikling og det er særleg fokus på samhandling på tvers av fag og organisasjon.

Vår nye kommunalsjef må difor vera ein engasjert lagspelar som er opptatt av utviklingsprosessar og resultat. I tillegg må kommunalsjefen vera tillitsskapande, ein sterk relasjonsbyggar og ha gode kommunikasjonsevner. Me søker ein trygg og tydeleg leiar som evner å engasjere. Du er målretta, utviklingsorientert og du kan vise til erfaring i å leie endringsprosessar. Du har relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Du kan vise til relevant leiarerfaring, god økonomiforståing og du har god forståing for ansvarsområdet. Kjennskap til og forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon er ein føresetnad.

Me tilbyr ei utfordrande og spanande leiarstilling i ein organisasjon med høg kompetanse og med gode moglegheiter til å påverke utviklinga både i kommunen og i organisasjonen.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval v/Silje Bolset tlf 975 59 049. Du kan og kontakte rådmann Torild Lende Fjermestad tlf 957 60 797.

Søk på stillinga snarast, og seinast innan 22.04.2020. All uformell kontakt med Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgivar.

Det vil bli utarbeida offentleg søkarliste. Det vert vist til offentleglova§ 25, andre ledd med omsyn til å bli unnateke off.søkjarliste.

Om arbeidsgiveren

Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgaste staden i Klepp og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19 300 innbyggjarar.

Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
4358 Kleppe
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Ledelse

Nøkkelord

økonomiforståing, politikk, budsjett, leiererfaring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Silje Bolset
Telefon
97 55 90 49
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Torild Lende Fjermestad
Telefon
95 76 07 97
Følg firma
2596 følger dette firmaet

4358 Kleppe

Annonseinformasjon

FINN-kode 172769310
Sist endret 30. mar. 2020 10:43

Rapporter annonse