Utløpt

Politiskrådgivar/ Gruppesekretær for MDG Vestland

Arbeidsgiver
MDG Vestland
Stillingstittel
Politiskrådgivar/ Gruppesekretær
Frist
31.03.2020
Ansettelsesform
Fast

Stilling ledig: Gruppesekretær / politisk rådgivar


Miljøpartiet Dei Grøne gjorde eit godt val i Vestland fylke, og partiet har no fem representantar i Vestland fylkesting. For å bistå politikarane i det praktiske arbeidet og med å utvikle ny, god og grøn politikk,  søkjer vi no etter gruppesekretær / politisk rådgivar i 100 prosent stilling. Det er førebels eit åremål på fire år, men med moglegheit for forlenging. Sekretæren / rådgivaren vil jobbe direkte under gruppeleiaren som også er fylkesvaraordførar. Stillinga vil vere ein sentral del av det politiske arbeidet i den nye fylkeskommunen.


Eigenskapar

  • God oversikt og evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Læringsvillig
  • Generelt god digital forståing 
  • God formidlingsevne
  • Høg motivasjon og arbeidskapasitet
  • Gode samarbeidsevner


Kvalifikasjonar

  • Erfaring med og god kompetanse på dokumenthandtering
  • Innsikt i politikk og evne til å skrive politiske forslag
  • Fagkunnskap som er relevant for arbeidet i fylkestingsgruppa
  • Erfaring frå organisasjonsarbeid
  • Erfaring frå publisering av nettartiklar og redigering av bilder
  • Gode kunnskapar om sosiale medier
  • Grunnleggande kunnskap om videoproduksjon er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både nynorsk og bokmål
  • Medlemskap i partiet er ikkje ein føresetnad for å søke, men du må kunne stå inne for partiet sitt verdigrunnlag og politiske profil


Arbeidsoppgåver

  • Bistå i utforming og oppfølging av planar og strategiar
  • Førebu møte i utval og fylkesting
  • Saksutgreiing
  • Innkalling og avvikling av møte i fylkestingsgruppa
  • Sekretærarbeid i ulike utval
  • Bistå medlemane i gruppa med innhenting av fakta og skriving av innlegg i media
  • Oppdatere nettsider
  • Føre regnskapet for gruppa
  • Halde kontakt med medlemane i gruppa og med relevante eksterne organisasjonar
  • Delta i samarbeidet med dei andre politiske partia på fylkestinget
  • Samarbeide og sikre koordinering med partiorganisasjonen lokalt og nasjonalt


Vi tilbyr

  • Stillingsomfang: Heiltid
  • Lønn etter avtale
  • Arbeidsstad: I utgangspunktet fylkeshuset i Bergen, men andre geografiske stader er mogleg om det er naudsynt av praktiske årsaker


Søknadsfrist: 31. mars 2020

Oppstart etter avtale. 


Vil du ha meir informasjon om stillinga kan du ringe gruppeleiar Natalia Golis tlf. 908 70 491 eller Mona Høgli tlf. 958 90 468




Om arbeidsgiveren

Politisk parti

Sektor
Organisasjoner
Sted
Sandslihaugen 30, 5020 Bergen
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon,
Organisasjoner
Stillingsfunksjon
Konsulent,
Kontor og administrasjon / Sekretær,
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mona Høgli
Stillingstittel
Ansettelsesansvarlig
Mobil
95 89 04 68
Kontaktperson
Natalia Golis
Stillingstittel
Gruppeleder
Mobil
90 87 04 91
Følg firma
Bli den første til å følge firmaet!

Sandslihaugen 30, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 172732437
Sist endret 22. apr. 2020 07:28

Rapporter annonse