BESATT

Er du vår nye organisasjonsrådgjevar?

Arbeidsgiver
Sosialistisk Venstreparti
Stillingstittel
Organisasjonsrådgjevar
Frist
13.03.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med SV - Sosialistisk Venstreparti

Vil du vere med å utvikle SVs partiorganisasjon? Har du idear som kan gi auka aktivitet i lokallaga og som kan engasjere og involvere medlemmer? Har du erfaring frå organisasjons- og skoleringsarbeid? Blir du motivert av å bygge frivillige, leie arbeidsgrupper og av å arbeide med digitale organisasjonsverktøy? Då er du kanskje personen vi leiter etter.

Ein av våre dyktige medarbeidarar skal ha permisjon i to år, og vi søkjer etter ein vikar for denne perioden.

Kva kan du forvente deg hos oss?

Som organisasjonsrådgjevar vil du inngå i eit kollegie med dyktige og engasjerte medarbeidarer, både på partikontoret i Oslo og i SV sine fylkeslag. Du får ansvar for å utvikle og koordinere arbeidet med lokallagsoppfølging og medlemspleie, i ein partiorganisasjon i sterk vekst. Berre dei tre siste åra har medlemstalet i SV auka med over 50%!

Stillinga har eit stort ansvarsområde, med varierte arbeidsoppgåver:

  • Strategiske og operativt arbeid med lokallagsoppfølging og medlemspleie.
  • Utvikling, vedlikehald og formidling av skoleringsressursar retta mot medlemmar og lokallag.
  • Koordinering av SV sine ressurser til medlemspleie, medlemstilbod og verving. 
  • Arbeide for høg medlemslojalitet og gjenbetalingsrate i partiet 
  • Utforming av nyheitsbrev til lokallagsleiarar og medlemmer i SV frå partiet sentralt. 
  • Rådgjeving for fylkessekretærar og lokallagsleiarar i bruk av ulike verktøy for medlemshandtering. 
  • Deltaking i eit av våre regionale team som førebur stortingsvalet i 2021
  • Budsjettstyring og økonomioppfølging

Stillinga vil elles bidra i arbeidet med a? utvikle partiorganisasjonen, i tra?d med overordna føringar i arbeidsplanen vedteke av SV sitt landsstyre. 

Kva ønskjer vi frå deg?


  • Du kan tilføre partikontoret og stillinga relevant utdanning og/eller arbeidserfaring
  • Du har organisasjonserfaring, enten som tilsett eller tillitsvalgt.
  • Du er ein blid og omgjengeleg kollega, med gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig. 
  • Du er ein strukturert arbeidstakar, med engasjement for dei politiske sakene SV arbeider for. 

Du må vere innstilt på å gjennomføre alt frå rutineoppgåver og oppfølging av interne og offentlege rapporteringar, til å medverke i den strategiske utviklinga av partiorganisasjonen. 

Kva kan vi tilby deg?

Ei 100 % stilling, i eit toårs vikariat. Oppstart så snart som mogleg.

Stillinga blir løna etter Landsoverenskomsten mellom Arbeiderbevegelsens Arbeidsgiverforening  (AAF) og Handel og Kontor (HK) samt SV sin lokale lønspolitikk. Stillinga er innplassert i stillingskategori rådgjevar, som tilsvarar eit lønsspenn frå lønssteg 40-57, etter kompetanse og erfaring. (Ft kr 467.634-646.034 i årslønn). 

Det er fleksitid i stillinga, og du må rekne med noko kvelds- og helgearbeid i samband med reiser, møter og seminar. Arbeidsstad vil vere på SV sitt partikontor på Tøyen i Oslo.

Send søknad med CV og referansar (ingen andre vedlegg) innan fredag 13. mars

Om arbeidsgiveren

Sosialistisk Venstreparti er i vekst og søkjer deg som vil vere med på laget. SV arbeider for eit rettferdig og miljøvenleg samfunn der viktige samfunnsoppgåver blir løyst i fellesskap, og der vi skaper eit samfunn for dei mange – ikkje for dei få.

Nettverk
Facebook
Sektor
Organisasjoner
Sted
Hagegata 22, 0653 Oslo
Bransje
Organisasjoner
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Rådgivning

Nøkkelord

Politikk, frivillighet, skolering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eli Ulvestad
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
99 46 49 95
Følg firma
156 følger dette firmaet

Hagegata 22, 0653 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 171980985
Sist endret 13. apr. 2020 15:44

Rapporter annonse