Utløpt

Vil du vere med å jobbe for reduserte klimagassutslepp, grøn konkurransekraft, innovasjon og teknologiutvikling?

Arbeidsgiver
Klima- og miljødepartementet
Stillingstittel
Førstekonsulent/rådgjevar - økonom
Frist
15.03.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med KLIMA- OG MILJØDEPARTEMENTET
Kva gjer vi?

Fornybarseksjonen har ansvar for avdelinga sitt arbeid med fornybar energi og energieffektivisering. Dette inkluderer blant anna fornybar kraftproduksjon og kraftnett, men også bioenergi, biodrivstoff og biogass. Seksjonen har ansvar for avdelinga sitt arbeid med å redusere utslepp og auke karbonopptaket i skog og arealbruk, jordbruk og bygg. Tverrgåande oppgåver som klimaforsking, grøn konkurransekraft, miljøteknologi og innovasjon ligg også til seksjonens oppgåveportefølje.

Vi har ledig eit vikariat i perioden frå 1. april 2020 til 1. april 2021, kan forlengast.


Dine arbeidsoppgåver:
  • bidra til verkemiddel som fremmar innovasjons- og teknologiutvikling for eit berekraftig lavutslippssamfunn
  • medverke inn i arbeidet med grøn konkurransekraft
  • arbeide med klima- og miljøomsyn i offentlege innkjøp
  • du må vere budd på å stille kompetansen din til disposisjon for andre oppgåver, til dømes faktagrunnlag og talepunkt for politisk leiing

Vi søkjer deg som har følgjande bakgrunn:
  • Høgare utdanning på masternivå. Samfunnsøkonom er ynskjeleg.
  • Relevant arbeidserfaring er ynskjeleg, men nyutdanna kan og søkje.
  • Forvaltningserfaring er ynskelig men ikkje eit krav. Erfaring frå departement vil vere positivt.
  • Svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.

For å lukkast i stillinga har du desse eigenskapene:
  • gode samarbeidsevner
  • gode formidlingsevner
  • solid vurderingsevne
  • evne til raskt å setje deg inn i komplekse problemstillingar
  • evne til strategisk tenking og planlegging
  • Nyhetsteft og evne til å sjå dei gode og engasjerande historiene. Det er særs viktig å vere initiativrik, sjølvstendig og sjølvdriven, og dessutan å ha stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.

Kvifor skal du jobbe hos oss:
  • Du kan bidra til samfunnsmålet om eit grønt skifte.
  • Du får eit unikt høve til å bidra med faglege råd for polistisk leiing.
  • Vi har eit arbeidsfelleskap med dugelege og engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin.
  • Klima- og miljødepartementet gir gode utviklingsmoglegheiter.

Vi kan tilby eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert  1 ½  time trening i arbeidstida. Vi har fleksible arbeidstidsordningar tilpassa ulike livsfaser, og pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse.


Vi er opptekne av:

Å rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga. Difor treng vi eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgivar som gjenspeglar mangfaldet i samfunnet og som tar i bruk potensialet i og den samla kompetansen i befolkninga. Vi jobbar for å inkludere personar med nedsett funsksjonsevne og/eller som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport, og vi har gode moglegheiter til å tilretteleggje.


Løn:

Årsløn frå kr  456 400 - 573 100 (lønnstrinn 51 - 64 ) avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. Som ein hovudregel krevst det 3 år med relevant arbeidserfaring for å bli innplassert som rådgjevar.


Er dette stillinga for deg? Les følgjande:
  • Vi ber om at du laster opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
  • Personalopplysningane dine vil bli tatt vare på i samsvar med GDPR.
  • Det blir gjort merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om å vere unnateken frå søkjarlista. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand.
  • Kvalifiserte kandidatar med ulik arbeids- livserfaring blir oppmoda til å søke.

For nærare opplysningar om stillinga kontakt: avdelingsdirektør Are Lindegaard tlf. 92 02 87 84


Om arbeidsgiveren

Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i regjeringa sin klima- og miljøpolitikk. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt Riksantikvaren og Svalbards miljøvernfond, og har om lag 250 tilsatte.

Klimaavdelinga har ansvaret for internasjonalt arbeid, klima- og skogprosjektet og nasjonal politikkutvikling på klimaområdet, samt lokal luftkvalitet og støy. Avdelinga har også overordna ansvar for miljø og utviklingsspørsmål.

Sektor
Offentlig
Sted
Kongensgate 18-20, 0153 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Kontor og administrasjon / Kontorarbeid,
Saksbehandler
Følg firma
1212 følger dette firmaet

Kongensgate 18-20, 0153 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 171977510
Sist endret 2. mar. 2020 14:30

Rapporter annonse