Utløpt

Ønsker du å jobbe med offentlege innkjøp i eit sterkt fagmiljø med hyggelege kollegaer?

Arbeidsgiver
Miljødirektoratet
Stillingstittel
Ei fast og ei to års midlertidig stilling som rådgivar i organisasjonsavdelinga
Frist
11.03.2020
Ansettelsesform
Fast
Om stillingane

Er du ein som har lyst til å bidra til gode innkjøp i et direktorat med eitt av vår tids viktigaste oppdrag? Vi ser etter deg som samarbeider godt med andre, er løysingsorientert, planmessig og sjølvstendig i arbeidet ditt. I arbeidskvardagen din vil du få stor grad av ansvar og fridom.
 

 

Stillingane vil vera ein del av seksjon for innkjøp (OIK) (https://www.miljodirektoratet.no/om-oss/miljodirektoratets-organisasjon/organisasjonsavdelingen/innkjop/) i organisasjonsavdelinga. Ansvaret til seksjonen inneber blant anna operativ rettleiing og støtte til direktoratet sine avdelingar ved gjennomføring av innkjøp, utvikling og drift av direktoratet sitt innkjøpsverktøy KOA (Kontrakter og anskaffelser), og dessutan å utarbeide direktoratet sin politikk og tenesteyting innan offentlege innkjøp. Seksjonen har og ansvar for å etablere og drifte strategisk innkjøpsfunksjon og utarbeiding av innkjøpsstrategi i miljøforvaltinga saman med dei andre etatane i miljøforvaltninga.

Seksjonen vil ha syv tilsette i Trondheim og Oslo og arbeidsstad for desse stillingane vil vera ein av stadene. Du må rekne med noko reising, som oftast mellom Trondheim og Oslo.


Stillinga sine hovudansvarsområde
  • gjennomføra innkjøp

  • gi råd om innkjøpsprosessane

  • kontraktsoppfølging

  • halda kurs/foredrag


Kompetansekrav

Kvalifikasjonar

  • Du har fullført bachelorgrad innan relevante fagområde for eksempel jus eller økonomisk-administrative fag.

  • Du har gjerne noko relevant arbeidserfaring, men det er ikkje avgjerande.

  • Du må ha svært gode munnlege og skriftlege formidlingsevner i norsk.

  • Du bør like å jobba med tal.

Eigenskapar

  • Du samarbeider godt med ulike menneske og fagmiljø, og jobbar dessutan godt sjølvstendig.

  • Du forstår eiga rolle i ein stor organisasjon og behovet til organisasjonen.

  • Du handterer uventa arbeid på ein fin måte og jobbar godt under korte fristar.

  • Du er ein pådrivar og leverer med rett kvalitet til rett tid.

  • Du er løysingsorientert, strukturert og engasjert.

 

Det blir lagt stort vekt på om du er personleg eigna.


Vi tilbyr
  • ei fast og ei to års midlertidig stilling

  • utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde

  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida

  • fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/)

  • lønn som rådgivar frå kr. 472 000 ltr. 53) til kr. 583 900 (ltr. 65) etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifiserte søkarar kan vurderast høgare.


Spørsmål om stillinga og korleis søke

Kontaktperson for stillinga er innkjøpssjef Finn-Øyvind Langfjell på telefon 906 23 621. Spørsmål om søknadsprosessen kan og stillast til seniorrådgivar Yvonne Roualet Thoresen ved seksjon HR og utvikling på telefon 986 35 720.

Du sender søknad med relevante vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.no. Vi ønskjer at du lastar opp vitnemåla dine gjennom Vitnemålsportalen. Merk søknaden 11-2020 OIK.

Søknadsfrist: 11.03.2020

 

Som IA-bedrift ønsker vi ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne, hol i CV og personar med innvandrarbakgrunn.

Det vil bli utarbeidt offentleg søkarliste ved søknadsfristen sin utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding og få høve til å trekkje søknaden sin.

Her er lenke til vår personvernerklæring (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/).


Om arbeidsgiveren

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Våre hovudoppgåver er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining. Vi er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har meir enn 700 tilsette ved våre to kontor i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine meir enn 60 lokalkontor.

Organisasjonsavdelinga har eit fagleg ansvar innanfor dei administrative funksjonane for å utvikla policyer, gjennomføra ulike utviklingsprosjekt og vera ein fagleg rådgivar overfor leiarane i direktoratet og tilsette.

 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Innkjøp/forhandling
Følg firma
1020 følger dette firmaet

Brattørkaia 15, 7010 Trondheim

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 171566985
Sist endret 26. feb. 2020 20:28

Rapporter annonse