Utløpt

Assisterende butikksjef for våre butikkar i Flåm

Arbeidsgiver
Flåm AS
Stillingstittel
Assisterende butikksjef Merchandise
Frist
31.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Norway's best AS

Flåm AS har ledig 100% fast stilling som assisterende butikksjef for våre butikkar innan merchandise.

Me søkjer etter deg som ynskjer å vera med å bygge opp og vidareutvikle eit unikt konsept og produkt for gjester og reisande til våre destinasjonar. I dag består merchandise av tre butikkar med sentral plassering i Flåm.

Flåmsbanamuseet er ein gåvebutikk som har eit mangfald av varer og museum som forlenger opplevinga av ei reise med Flåmsbana.

Flåm store består av to butikkar, der tema er unike norske og skandinaviske produkt samt våre eigne kolleksjonar.

Du er ein leiar som ynskjer å skape resultat og gode opplevingar for gjestene gjennom dine medarbeidarar og ditt engasjement.

I Flåm vert du ein del av eit internasjonalt miljø, med fast tilsette og sesongarbeidarar frå over 20 nasjonalitetar. Naturen spelar på lag med oss og gjer det enkelt for oss å leve opp til våre verdiar:


Ekte - Spektakulær – Gjestfri – Kompetent


Om deg

·       Du er nytenkande, fleksibel og løysingsorientert

·       Har god struktur og orden

·       Kan leie menneske gjennom tillit, openheit og involvering

·       Har erfaring med personalansvar

·       Er utadvendt og er ein god relasjonsbyggar, både internt, mot kundar og samarbeidspartar

·       Har fokus på sal og kunde gjennom gode kundeopplevingar

·       Høg arbeidsmoral og gjennomføringskraft

·       Du har oversikt tross høgt aktivitetsnivå

Arbeidsoppgaver

·       Organisere, leie og delta i det daglege arbeidet i butikkane

·       Bestilling, mottak og varelagerstyring

·       Handtere ordrar; via e-post og telefon

·       Fylje opp og sørge for at leveransar er etter avtale

·       Bidra til den gode kundeopplevinga

·       Ansvar for å optimalisere butikkdrift

·       Opplæringspersonell

·       Registrering av arbeidstid

·       Lage og rapportere statistikk

Ansvarsområder

·       Personalansvar for tilsette i butikkane

·       Budsjett- og resultatansvar

·       Ansvar for høg butikkstandard

·       Ansvarleg for gode kundeopplevingar


Me ynskjer at du har

·       Relevant erfaring frå butikkdrift

·       Gode relasjonelle eigenskapar

·       Erfaring med sal, drift og økonomistyring

·       Gode datakunnskaper


Fokus er operativt arbeide, dette er ikkje en kontorstilling.

Det er arbeide i helger og må være tilgjengelig for teamet når nødvendig.


Det er eit krav at du må kunne norsk og engelsk munnleg og skriftleg, fleire språk vert sett på som ein føremon.

Me tilbyr konkurransedyktige vilkår, gode karriere -og utviklingsmoglegheiter i ein ung og dynamisk organisasjon.

Tilsetting snarast eller etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Aurland Ressursutvikling (ARU) er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar. I April 2020 fusjonerte ARU og Myrkdalen Fjellandsby. Gjennom fusjonen vart det etablert ein nasjonal reiselivsaktør med sterk regional forankring (Flåm og Myrkdalen), med mål om å vera motor i ei ytterlegare utvikling av reiselivet i Noreg. ARU og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med eigarskap til hotell, skisenter, volumbaserte reiselivsopplevingar (Flåmsbana og Fjordcruise), servering og butikkar, alt med eige sal- og distribusjonsapparat. Samla omsetjing er om lag 1MRD. Det er i dag ca. 500 heilårs- og deltidstilsette og meir enn 1,2 millionar gjester i året. Vi vil byggje våre konkurransefortrinn ved å skape innovasjon, produktutvikling og resultatfokus i tett samarbeid med strategiske partnarar.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
A-Feltvegen, 5743 Flåm
Bransje
Butikk og varehandel,
Museer, gallerier og kulturminne,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Butikksjef,
Kundeservice,
Ledelse

Nøkkelord

butikkleder, kundeservice, butikkleder/sjef, salg, personalansvar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Birgittha Sandström
Kontaktperson
Nils Asbjørn Lie
Stillingstittel
HR dir
Mobil
90 51 07 09
Følg firma
105 følger dette firmaet

A-Feltvegen, 5743 Flåm

Annonseinformasjon

FINN-kode 171157959
Sist endret 30. sep. 2020 15:24

Rapporter annonse