Utløpt

Seniorkonsulent (økonomi- og forskingsadministrasjon)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Seniorkonsulent (økonomi- og forskingsadministrasjon)
Frist
15.03.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)


Seniorkonsulent (Økonomi- og forskingsadministrasjon)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig stilling som seniorkonsulent (100 %) med tilsetjing så snart som mogleg. Instituttet har ca. 200 tilsette og ein administrasjon på 15 personar.

Administrasjonen gir støtte til våre vitskapelege kollegaer som driv med undervisning og forsking innan eit bredt spekter av basalmedisinske fagområde. Vi forvaltar eit budsjett på over 130 millionar kroner. No treng vi ein ny kollega  i administrasjonen.


Arbeidsoppgåver:
  • Støtte til forskarar innanfor økonomi og forskingsadministrasjon
  • Økonomistyring av ekstern - og internfinansierte forskingsprosjekt.
  • Prosjektoppfølging; ansvar for kontraktsoppfølging, budsjettering og økonomirapportering
  • Støtte til forskarar ved søknader og koordinering av forskingsprosjekt
  • Utviklingsoppgåver, her under utvikling og forbedring av prosjektverktøy, økonomiverktøy mm.
  • Leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål til forskingsgruppeleiarane ved instituttet
  • Rutinemessig  innkjøp, regnskaps- og økonomiarbeid
  • Administrativ/økonomistøtte mot kjernefasilitetane.
  • Utforming av analyser og prognoser knytt til prosjekta.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha mastergrad i økonomisk-administrative fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant erfaring frå tilsvarande verksemd er ynskeleg
  • God forståing og erfaring frå alle prosesser i administrativ prosjektoppfølging er ein føremon
  • Har du kjennskap til oppfølging av EU-prosjekt er det  ynskeleg
  • Gode ferdigheiter i Excel
  • Evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
  • Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling

Vi søkjer ein person som

  • er serviceinnstilt og positiv
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
  • har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har interesser for forbetringsarbeid og nye løysingar
  • bidrar til vårt gode arbeidsmiljø

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.


Vi kan tilby:
  • Interessante og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø

  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 488 000-542 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Janne Gotaas, janne.gotaas@uib.no , telefon 98038834.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Sted
Institutt for biomedisin, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Konsulent,
Kontor og administrasjon,
Økonomi og regnskap
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Institutt for biomedisin, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 171060606
Sist endret 21. feb. 2020 00:00

Rapporter annonse