Koordinator for nasjonale deleksamenar i høgare utdanning

Arbeidsgiver
NOKUT
Stillingstittel
Vikariat som fyrstekonsulent/rådgjevar som koordinator for nasjonale deleksamenar i høgare utdanning
Frist
26.02.2020
Ansettelsesform
Vikariat

 

Lar du deg fascinere av eit dynamisk og utviklingsorientert kunnskapsmiljø som arbeidar med både kvantitative og kvalitative analysar av eksamensoppgåver?
 
Avdeling for evaluering og analyse tilverkar og stiller saman kunnskap i form av utredningar, evalueringar og analysar som kan stimulere institusjonane og myndigheitene sitt arbeid med å auke utdanningskvaliteten. Avdelinga har i dag 21 tilsette, og har blant anna ansvaret for den årlege nasjonale studentundersøkinga (Studiebarometeret.no) og for nasjonale deleksamenar i høgare utdanning.   
 
NOKUT arrangerer nasjonale deleksamenar i høgare utdanning for grunnskulelærarutdanningane og sjukepleiarutdanningane. Ein av koordinatorene for dette arbeidet skal ut i fødselspermisjon og vi søkjer ein vikar som kan ta over hennar arbeidsoppgåver. Du vil inngå i eit prosjektteam med fire andre medarbeidarar for å sikre at eksamenane blir gjennomført på ein profesjonell måte. Oppstart snarast, med varigheit tom.15.januar 2021.



Arbeidsoppgåver

  • Administrering og koordinering av nasjonal deleksamen
  • Følgje opp fagmiljøa som utarbeider eksamenane
  • Kommunikasjon med universitet og høgskular, samt relevante fagmiljø
  • Administrativ klagebehandling av sensur
  • Praktisk bistand til reiser og møter, blant anna bestille billettar og administrere reiserekningar
  • Utarbeiding og vedlikehald av ulike administrative oversikter
  • Planlegge og organisere seminar, arbeidsverkstadar og andre evenement
  • Skrive rapportar og gjennomføre enkle analysar
  • Eventuelle andre oppgåver ved behov, som fell inn under avdelinga sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning, fortrinnsvis på mastergradsnivå
  • Erfaring med Office-pakka
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både munnleg og skriftleg

 

Det er ein fordel at du har:

  • Erfaring frå liknande stillingar frå administrativt arbeid
  • Kjennskap til eksamensadministrasjon på høgare utdanningsinstitusjonar
  • Erfaring frå digitaliseringsarbeid

    Personlege eigenskapar

    • Systematisk og serviceinnstilt
    • Flink til å kommunisere og kan formidle informasjon strukturert og tydeleg til ulike brukargrupper
    • Detalj- og kvalitetsbevisst
    • Effektiv, resultatorientert, og taklar å arbeide under press
    • Evne til å prioritere oppgåver
    • Positiv og engasjert

    Vi tilbyr

    • Eit aktivt og stimulerande arbeidsmiljø prega av fleksibilitet og utvikling 
    • Medlemskap i Statens pensjonskasse
    • Gode velferdsordningar, som fleksibel arbeidstid og treningsfasilitetar
    • Gunstig pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse
    • Lyse og moderne lokale med sentral plassering på Lysaker med berre 10 min til Oslo sentralstasjon.
    • Lønsvilkår etter kvalifikasjonar som fyrstekonsulent/rådgjevar i lønnsspennet 435.100- 552.800 (lønnstrinn 48 - 62).

     

    Andre forhold

    Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og redusert funksjonsevne. Dersom søkjar ønskjer å reservere seg frå oppføring på den offentlege søkjarlista må dei grunngje ønsket. NOKUT kan gjere opplysningar om søkjarar offentleg sjølv om dei sjølve har bedt om konfidensiell behandling. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følgje, jfr. offentleglova § 25. Søknaden sender du elektronisk via Webcruiter, og vi ber deg laste opp vitnemål og attestar der. 

      

    Fleire opplysningar kan du få ved å kontakte Assisterande avdelingsdirektør Stephan Hamberg på telefon 92406115.

    Søknaden sender du elektronisk via Webcruiter og vi ber deg laste opp vitnemål og attester.

     

    Vi tar sikte på å gjennomføre følgjande plan: 

    • Kandidatar til intervju vil bli innkalla seinst 3.mars
    • Desse intervjua vil føregå 10., 13. og 16. mars
    • Finaleintervjua vil føregå 18.mars

     

     

    Om arbeidsgiveren



    NOKUT, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, er eit fagleg uavhengig forvaltningsorgan med kompetanse innan norsk og utanlandsk høgare utdanning og fagskuleutdanning. Føremålet til NOKUT er å sikre og fremje kvalitet i høgare utdanning og fagskuleutdanning ved å: 


    -føre tilsyn med, informere om og bidra til å utvikle kvaliteten på norske utdanningar og utdanningsinstitusjonar


    -godkjenne og informere om utanlandsk utdanning og informere om vilkåra for godkjenning av utanlandsk kompetanse i Noreg


    NOKUT sitt arbeid skal bidra til at samfunnet kan ha tillit til kvaliteten på norsk høgare utdanning og fagskuleutdanning samt godkjend høgare utanlandsk utdanning. NOKUT har omlag 150 tilsette og held til i Drammensveien 288 på Lysaker. Sjå www.nokut.no for meir informasjon.

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Drammensveien 288, 0283 Oslo
    Bransje
    Forskning, utdanning og vitenskap,
    Offentlig administrasjon
    Stillingsfunksjon
    Kontor og administrasjon,
    Rådgivning,
    Saksbehandler

    Spørsmål om stillingen

    Kontaktperson
    Stephan Hamberg
    Stillingstittel
    Assisterende avdelingsdirektør i Evaluering og analyse
    Telefon
    924 06 115
    Følg firma
    373 følger dette firmaet

    Drammensveien 288, 0283 Oslo

    Stort kart Hybridkart Flyfoto

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 170288577
    Sist endret 12. feb 2020 14:16

    Rapporter annonse