Utløpt

Produksjonsmedarbeidar

Arbeidsgiver
Knudsen Dørfabrikk AS
Stillingstittel
Operatør i monteringsavdeling
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med KNUDSEN DØRFABRIKK AS

Om stillinga:

Du vil vera ein av 3-4 tilsette i vår monteringsavdeling. Dette er siste del av produksjonen, der me utfører montasje/samanstilling, sluttkontroll, pakking og utsending til kunde. Det er mange og varierte oppgåver her. Me planlegg no investering i nye maskinar og utstyr i avdelinga. Alle tunge løft forsvinn, og kapasiteten blir auka. 


Arbeidsoppgåver:

• Montasje av beslag, glas osv. i dører. Sluttkontroll. Pakking og emballering.

• Logistikk. Varemottak, og utsending til kunde. (Arbeid med fraktbrev, inkl. kundekontakt er aktuelt)

• Delta i produksjonsplanlegging. Ansvar for god intern flyt av varer, slik at dei rundt deg kan arbeida effektivt. 

• Bidra aktivt i forbetringsarbeidet vårt. 


Personlege eigenskapar:

• Du må ha godt humør. Dette er viktig for oss!

• Me ser etter deg som tar initiativ, og som vert motivert av å få ting gjort.

• Me vil ikkje ha ein rotekopp. Fabrikken skal vera ryddig og oversiktleg. 

• Du må definitivt vera lærevillig. Det er mykje ein må lære seg for å fungere godt i jobben.

• Du må kunne ha fleire ballar i lufta samstundes.


Ønska kvalifikasjonar:

• Fagbrev. Snekker og tømrar er definitivt relevante. Saman med relevant erfaring, så kan også andre fagbrev vera rett for oss. Relevant erfaring kan kompensera for manglande fagbrev.

• Gode norskkunnskapar. Hjå oss snakkar me norsk, sjølv om me også har nokre tilsette frå andre land.

• Kjennskap til LEAN er ein fordel, men ikkje eit krav.

• Kjekt om du har truckførarlappen. Har du den ikkje, så sender me deg på kurs.

• Denne jobben passar akkurat like bra for ei dame, som for ein mann.


Oppstart:

Snarast råd, men du er ikkje diskvalifisert sjølv om du har oppseiingstid i din noverande jobb.


Kva kan me tilby?

• Gode kollegaer i ulik alder, med ulik erfaring og ulik bakgrunn. Utan desse, så stoppar alt.

• Innandørs arbeid i temperert klima. Hjå oss er det aldri vind, regn, sludd, snø, søle, eller mørke.

• Offensive tankar om framtida. Vårt mål er at me heile tida skal gjera endringar og investeringar som gjer oss meir konkurransedyktige, og som gjev ein meir spanande arbeidskvardag for dei tilsette.

• Ein trygg og stabil arbeidsplass med moglegheiter for utvikling. (Ingen permitterte sidan 1946)

• Forsikringsordningar og timebank

• Konkurransedyktig løn

• Pensjonsordning

• God opplæring, slik at du kjenner at du meistrar arbeidet.


Om arbeidsgiveren

Produsent av innerdører, lokalisert i bluesbygda Skånevik. 17 tilsette med god og variert kompetanse. Me er ei offensiv bedrift, med planar for framtida. Hjå oss jobbar det mange flinke folk, som står på kvar dag for å levera rett kvalitet til rett tid. Dei siste åra har me vakse jamt og trutt, og me har planar om å halda fram med det.

Me har eksistert i 74 år, og er konstant i endring. I år har me fått på plass miljødokumentasjon (EPD) og me har utvikla brannsertifiserte dører. Me har eit godt arbeidsmiljø, og involverer våre tilsette i det kontinuerlege forbetringsarbeidet vårt. Alle tilsette betyr mykje for oss. Me er no i startgropa på innføring av LEAN i bedrifta.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Tjellevegen 35, 5593 Skånevik
Bransje
Industri og produksjon,
Trevareindustri
Stillingsfunksjon
Håndverker / Andre montører,
Håndverker,
Håndverker / Snekker/Tømrer

Nøkkelord

Produksjon, Innerdør, Dører, Operatør, Montering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Fredrik Wälsjö
Stillingstittel
Produksjonsleiar
Mobil
40 69 93 79
Følg firma
25 følger dette firmaet

Tjellevegen 35, 5593 Skånevik

Annonseinformasjon

FINN-kode 170139703
Sist endret 24. aug. 2020 23:56

Rapporter annonse