Vil du jobbe med å styrkje utanlandsk utdanning?

Arbeidsgiver
NOKUT
Stillingstittel
Rådgiver/seniorrådgiver i avdeling for utanlandsk utdanning
Frist
23.02.2020
Ansettelsesform
Fast

Avdeling for utanlandsk utdanning godkjenner utanlandsk høgare utdanning, fagskuleutdanning, fag- og yrkesopplæring og utanlandske yrkeskvalifikasjonar (lærar i skole og styrar/pedagogisk leiar i barnehage), samt gir kompetansevurderingar og råd til arbeidsgivarar og UH-institusjonar. Avdelinga har óg ansvar for informasjon og rettleiing om godkjenning av utanlandsk utdanning til søkjarar, arbeidsgivarar, lærestader, integreringsapparatet og samfunnet elles, og svarer årleg på over 12 000 spørsmål på e-post, telefon eller ved personleg oppmøte. Assistansesenteret for yrkeskvalifikasjonsdirektivet ligg også i avdelinga. Avdelinga har i dag 55 tilsette og er delt inn i fire seksjonar.

Vi har no ledig ein fast og to midlertidige stillingar som rådgjevar/seniorrådgjevar i avdelinga, for snarleg tiltreding. Dei to midlertidige stillingane ligg i informasjonsseksjonen, mens den faste tilhøyrar godkjenningsseksjonen. Informasjonsseksjonen har hovudansvar for informasjon og rettleiing om godkjenning av utanlandsk utdanning til søkjarar, arbeidsgivarar, lærestader, integreringsapparatet og samfunnet elles. NOKUT er assistansesenter for yrkeskvalifikasjonsdirektivet, og seksjonen gjer også dette arbeidet. Seksjonen har dessutan ansvaret for saksbehandling for godkjenning av utanlandske pedagogiske yrke, og det er i hovudsak her ansvarsområdet til dei to stillingane ligg.
 

Den faste stillinga tilhøyrar godkjenningsseksjonen. Denne seksjonens hovudoppgåver omfattar NOKUTs generelle godkjenning av utanlandsk høgare utdanning, samt turbovurderingar og råd til arbeidsgivarar og UH-institusjonar.

Arbeidsoppgåver

Avdelinga har ein brei og variert arbeidsportefølje. Den som vert tilsett forventast å bidra til dette arbeidet. Arbeidsoppgåvene inkluderer:

  • Saksbehandling av søknadar om godkjenning av utanlandsk utdanning og/eller yrkeskvalifikasjonar 
  • Rettleiing av NOKUTs brukarar, samt representantar frå kunnskaps- og utdanningssektoren og integreringsfeltet, om godkjenningsordningane i Noreg  
  • Eventuelle andre oppgåver ved behov, som faller inn under avdelingas ansvarsområde 
  •  

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på mastergradsnivå. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning på masternivå.
  • Minst to års erfaring frå tilsvarande arbeid innan offentlege informasjonstenester, gjerne frå verksemder innan kunnskaps- og utdanningssektoren eller integreringsfeltet
  • God i norsk og engelsk, og kunne bruke begge som arbeidsspråk 
  • Gode IKT-kunnskapar, medrekna god kjennskap til Office-pakken 

 

 Det er ein fordel at du har:

  • Kjennskap til Public 360, Pureservice og/eller EUs saksbehandlingssystem IMI
  • Kompetanse i fleire språk enn norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er påliteleg, imøtekomande og nytenkjande. Det er viktig at du har evne til å arbeide systematisk og sjølvstendig, men også at du er teamorientert. Du må jobbe effektivt og kunne handtere stramme tidsfristar og høgt arbeidspress. Du må ha gode evner til å kommunisere med ulike menneske i ulike situasjonar.

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande arbeidsmiljø prega av fleksibilitet og utvikling 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar som fleksibel arbeidstid og treningsfasilitetar 
  • Gunstig pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse 
  • Lyse og moderne lokaler med sentral beliggenhet på Lysaker med kun 10 min. til Oslo sentralstasjon
  •  Lønn etter kvalifikasjonar som rådgjevar/seniorrådgjevar, lønnsspenn kroner 472.000 - 640.200 

 

Andre forhold

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad speglemangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål åoppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekrutterepersonar med innvandrarbakgrunn og redusert funksjonsevne. Dersom søkjar ønskjer å reservere seg frå oppføring på denoffentlege søkjarlista må dei grunngje ønsket. NOKUT kan gjereopplysningar om søkjarar offentleg sjølv om dei sjølve har bedtom konfidensiell behandling. Søkjaren blir varsla dersom ønsketom reservasjon ikkje blir tatt til følgje, jfr. offentleglova § 25. Søknaden sender du elektronisk via Webcruiter, og vi ber deg laste opp vitnemål og attestar der. 

Vi tar sikte på å gjennomføre følgjande plan: 

  • Kandidatar til første runden med intervju vil bli innkalla seinst 27.februar
  • Desse intervjua vil føregå 5., 6. og 9. mars
  • Finaleintervjua vil føregå  12. og 17.mars

Skriv gjerne hvilke(n) stilling du søkjer  (kun den faste, kun dei midlertidige eller alle tre stillingane).

 

Om arbeidsgiveren



NOKUT, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, er eit fagleg uavhengig forvaltningsorgan med kompetanse innan norsk og utanlandsk høgare utdanning og fagskuleutdanning. Føremålet til NOKUT er å sikre og fremje kvalitet i høgare utdanning og fagskuleutdanning ved å: 


-føre tilsyn med, informere om og bidra til å utvikle kvaliteten på norske utdanningar og utdanningsinstitusjonar


-godkjenne og informere om utanlandsk utdanning og informere om vilkåra for godkjenning av utanlandsk kompetanse i Noreg


NOKUT sitt arbeid skal bidra til at samfunnet kan ha tillit til kvaliteten på norsk høgare utdanning og fagskuleutdanning samt godkjend høgare utanlandsk utdanning. NOKUT har omlag 150 tilsette og held til i Drammensveien 288 på Lysaker. Sjå www.nokut.no for meir informasjon.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Drammensveien 288, 0283 Oslo
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Saksbehandler

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tove Knudsen
Stillingstittel
Seksjonssjef, seksjon for informasjon om utanlandsk utdanning
Telefon
970 84 883
Kontaktperson
Joachim Gümüs Kallevig
Stillingstittel
Seksjonssjef, seksjon for godkjenning av høgare utdanning
Telefon
952 73 815
Følg firma
373 følger dette firmaet

Drammensveien 288, 0283 Oslo

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 169847714
Sist endret 10. feb 2020 10:21

Rapporter annonse