Utløpt

Vil du ta ein doktorgrad i Sparebanken Sogn og Fjordane?

Arbeidsgiver
Sparebanken Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Nærings-ph.d.
Frist
01.03.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Sparebanken Sogn Og Fjordane

Vil du ta ein doktorgrad medan du jobbar i ei framoverlent og innovativ bedrift? Sparebanken Sogn og Fjordane har no ei unik stilling som nærings-ph.d. I samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Mohnsenteret søkjer vi etter ein stipendiat som ønskjer å forske på forretningsmodellen til regionale sparebankar.  

Ein nærings-ph.d. er ein treårig forskarutdanning der kandidaten tar ein ordinær doktorgrad, men er tilsett i bedrifta. Ved å ta ein nærings-ph.d. i banken vil du få ein forskarutdanning med spesialkompetanse innan sparebankar sine behov og utfordingar. Arbeidsplassen vil vere fordelt med 50% i Sparebanken Sogn og Fjordane og 50 % på Campus Verftet i Førde. På Campus Verftet Førde vil du bli ein del av eit større miljø med andre ph.d. kandidatar. 

Kvalifikasjonar: 

  • Mastergrad innanfor strategi, innovasjon, samfunnsøkonomi, teknologi, leiing eller liknande 

  • Karakter B eller betre på masteroppgåva og gjennomsnittskarakter på B for masterstudiet(120 poeng). Masteroppgåve må vere levert til vurdering innan søknadsfristen, og mastergraden må vere godkjent seinast fire veker etter søknadsfristen. 

  • Stipendiatstillinga har ein tidsramme på 3 år, og skal inngå i eit godkjent opplegg for ein ph.d.-grad 

  • Søknad om opptak til doktorgradsprogram skal først sendast etter tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere tatt opp i eit ph.d.-programmet 

Personlege eigenskapar 

  • God samarbeids- og formidlingsevne, men òg evne til å arbeide sjølvstendig 

  • Ta initativ og vere sjølvstendig 

  • Høg etisk bevisstheit i forskingsarbeid er påkrevd 

Vi tilbyr: 

  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling 

  • Løn etter avtale

  • Utfordrande arbeidsoppgåver 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Eit veldig godt arbeidsmiljø med gode kollegaer 

  • Bedriftsidrettslag 

 

Dersom du har spørsmål eller ønskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Reiel Haugland, Teknologidirektør, på telefon: 410 27?905  eller e-post reiel.haugland@ssf.no. Håper å høyre frå deg! 

Sektor
Privat
Sted
Langebruvegen 12, 6800 Førde
Bransje
Bank, finans og forsikring,
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor

Nøkkelord

stipendiat, doktorgrad, nærings-ph.d, ph.d.

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Reiel Haugland
Stillingstittel
Teknologidirektør
Telefon
41 02 79 05
Følg firma
102 følger dette firmaet

Langebruvegen 12, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 168996864
Sist endret 30. jan. 2020 10:01

Rapporter annonse