Utløpt

Vil du vere ein pådrivar for grøn omstilling i Vestland?

Arbeidsgiver
Vestland Fylkeskommune
Stillingstittel
Trainee i Klimapartnerne Vestland
Frist
04.06.2021
Ansettelsesform
Trainee

Er du nyutdannet, eller ferdig med studiene dette semesteret? Da kan du søke om å bli trainee i Bergen Næringsråd sitt traineeprogram.


Som Trainee får du:

· Faglig og personlig utvikling

· Et unikt tverrfaglig nettverk

· Følge et utviklingsprogram av god kvalitet og høy verdi

· Konkurransedyktige betingelser etter avtale med arbeidsgiver

I samarbeid med Vestland Fylkeskommune lyser Trainee Vest ut en traineestilling hos Klimapartnerne Vestland. Les mer om stillingen og søk ved å følge linken "søk her" .

Vil du vere ein pådrivar for grøn omstilling i Vestland? Klimapartnere Vestland tilbyr ein av dei mest spennande traineestillingane i regionen for deg som brenn for berekraftig nærings-og samfunnsutvikling. Vi ser etter ein initiativrik og engasjert person som kan inngå som ein del av eit framoverlent team i Klimapartnere Vestland.  

 

Med over 300 partnarar i heile landet, er Klimapartnere Noregs viktigaste partnarskap for grøn næringsutvikling. Partnarskapen i Vestland består av 65 verksemder i privat og offentleg sektor, som har forplikta seg til å jobbe systematisk for utsleppskutt. Vi tilbyr informasjon og rådgiving, arrangerer møte for læring og samarbeid, og fungerer som ein koplingsboks og pådrivar for grøn næringsutvikling i heile fylket.  

Klimapartnere tar for seg FNs berekraftsmål 13 og 17: Stoppe klimaendringane, og samarbeid for å nå måla. 


Klimapartnere Vestland er ein del av seksjon for Grøn vekst, klima og energi i avdeling for innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylkeskommune, og har to tilsette på fulltid. 


Som trainee vil du være ein fullverdig del av teamet, og du vil få moglegheit til å påverke og utvikle arbeidet i partnarskapen i ei avgjerande tid for å nå målet om Vestland som ein nullutsleppsregion innan 2030.

KVALIFIKASJONAR: 

Vi ser etter deg som brenn for berekraft, og som ser moglegheitene for næringslivet i det grøne skiftet. Du er ein kandidat med stor samfunnsinteresse, brei allmennkunnskap, og god evne til å sette deg inn i nye kunnskapsområde i rask utvikling. 

Som ein del av teamet i Klimapartnere Vestland vil du kunne bruke kompetansen din på ei rekke område. Vi jobbar med alt frå energiomstilling, forretningsutvikling, klimarapportering, grøn transport og grøn digitalisering, til offentleg-privat samarbeid og sirkulærøkonomi.


Vi ønskjer ein kandidat som har:

  • Relevant høgare utdanning, bachelor eller master  
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne 
  • Erfaring med sosiale medium og webpublisering 
  • Organisasjonserfaring eller næringslivserfaring  
  • Erfaring med å organisere arrangement, enten i frivillig eller lønna arbeid  
  • Forståing for forretningsdrift og grøn næringsutvikling  
  • Kjennskap til berekraftsarbeid, klimaregnskap eller miljørapportering er ein fordel, men ikkje avgjerande.


ARBEIDSOPPGÅVER:  

Vi søker en trainee som skal jobbe tett saman med leiinga i Klimapartnere Vestland, og ta del i den daglige drifta av partnarskapen i heile fylket. Arbeidsplass vil vere på Sandsli i Bergen. Du må rekne med noko reising innanfor fylket .  

 

  • Hjelpe til med å organisere og gjennomføre partnarmøter, seminar, webinar og andre arrangement i Klimapartnere Vestland 
  • Fungere som møtesekretær i interne og eksterne møter 
  • Delta på oppfølgingsmøter med partnarane 
  • Bidra i oppfølging av partnarane sitt klimaarbeid og klimarapportering  
  • Delta i relevante forum i avdelinga i fylkeskommunen for å sikre god kommunikasjon og informasjonsflyt  
  • Skrive artiklar og publisere innhald på våre nettsider www.klimapartnere.no
  • Bidra med innhald til og vidareutvikling av sosiale medium 
  • Være ein motivator og pådrivar for Vestland som nullutsleppsregion 

Velg "søk her " nederst i annonsen (mobilversjon) for å komme videre til mer informasjon om hver enkelt stilling og søknadsskjema.

Om arbeidsgiveren

Trykk "søk her" for å lese om de ulike arbeidsgiverne og annonseteksten for hver enkelt stilling. Dette er den siste av 18 stillinger i årets program.

Nettverk
Facebook, LinkedIn, X
Sektor
Privat
Sted
5014 Bergen
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon,
PR, informasjon og kommunikasjon
Stillingsfunksjon
Dokumentasjon,
Rådgivning,
Saksbehandler

Nøkkelord

bærekraft, interessepolitikk, kommunikasjonsstrategi, samfunnsutvikling, innovasjonsprosesser

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stine Fjeldstad
Stillingstittel
Næringspolitisk Rådgiver
Telefon
48 31 33 38
Mobil
48 31 33 38
Følg firma
82 følger dette firmaet

5014 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 168822423
Sist endret 6. jul. 2021 12:36

Rapporter annonse