Utløpt

Professor innen klimadanning og bærekraft

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Professor innen klimadanning og bærekraft
Frist
14.02.2020
Ansettelsesform
Fast
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultetet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) er det ledig 1 fast 100% stilling som Professor

Ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) er det ledig professorat i klimadanning og berekraft. FLKI er opptatt av klimadanning og berekraft gjennom forsking og undervisning, som studerast  i tilknyting til barnehage, skule og samfunn.

Eit professorat på feltet skal bidra til diskusjonen rundt omgrepet  berekraft og klimadanning, og styrke utviklinga av tverrfaglege, eksternfinansierte forskingsprosjekt ved vårt fakultet. Professoratet er viktig for FLKI si vidareutvikling av tverrfaglege forskingsmiljø. Ein sentral del av professoratet vil vere å bidra i utvikling av tverrfagleg fordjuping innan ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar , i masterutdanningane og i dei 5 strategiske forskingsprogramma  våre. I tillegg vil det vere moglegheiter for samarbeid på tvers av fakultet innad i HVL, noko som og vil vere til stor nytte for samfunnet. Sparebanken Vest har støtta etablering av stillinga gjennom tildeling av gåveprofessorat.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Bidra til diskusjonen rundt omgrep og konseptet berekraft og klimadanning i barnehage og skule
  • Utvikle feltet klimadanning og berekraft gjennom empiriske studiar
  • Arbeide med å styrke utviklinga av tverrfaglege, eksternfinansierte forskingsprosjekt på dette feltet
  • Bidra i utvikling av tverrfagleg fordjuping innan masterutdanningane
  • Undervise og rettleie på PhD programmet ?Studiar av danning og didaktiske praksisar " (inkludert sommar skule) og på andre utdanningar i fakultetet
  • Bidra inn i forskingsteamet ?Critical and practice orientated educational research" som er en del av ph.d.-programmet ?Studiar av danning og didaktiske praksisar"
  • Arrangere konferanse innanfor temaområdet og sørge for at fagfeltet blir synleg gjennom formidling og publisering både lokalt, nasjonalt og internasjonalt

Kvalifikasjonskrav:

Den som blir tilsett må ha:

  • Ph.d. grad i fagområde samfunnsvitskap, humaniora eller naturvitskap, ha erfaring med empirisk danningsforsking innanfor feltane klima og/eller berekraft knytt til skule og/eller barnehage og bli vurdert professorkompetent innan klimadanning og berekraft 
  • Erfaring frå initiering og leiing av forskings- og utviklingsarbeid, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering
  • Erfaring med søknader og leiing av eksterne prosjekter
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid  
  • Relevant nasjonalt og internasjonalt forskarnettverk
  • Erfaring frå rettleiing på ph.d. og masternivå
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • God kjennskap til norsk skule- og barnehageutdanning
  • Solid portefølje med relevante publikasjonar frå fagfelle vurderte tidsskrift/bøker
  • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk
  • Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk. 
  • Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd. Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Personlege eigenskapar:

  • God formidlingsevne og gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Høg arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne
  • Gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, være kreativ,  ta initiativ og vere fleksibel.

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju med prøveforelesing.

Kriteria for tilsetjing i stilling som professor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129          


Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsetjingsdato jf. nasjonale rettleiande retningslinjer for UH-pedagogisk basiskompetanse, fastsett av Universitets- og høgskolerådet mai 2018.


Sakkunig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over dine arbeider og kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no (http://www.jobbnorge.no) ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar verte kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.


Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling

  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som Professor er lønt etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1013.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.


Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Prodekan for forsking Torill Marie Bogsnes Larsen, 
tlf. 55 58 58 81 

2) Professor Elin Eriksen Ødegaard,
tlf. 55 58 59 32

 


Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be (https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett.  HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

 

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Sektor
Offentlig
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Professor/Førsteamanuensis
Følg firma
965 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 168593889
Sist endret 31. jan. 2020 10:22

Rapporter annonse