Utløpt

Driftsteknikar

Arbeidsgiver
Ålesund kommune
Stillingstittel
Driftsteknikar
Frist
09.02.2020
Ansettelsesform
Fast

100 % fast stilling ledig for tiltreding etter avtale. 

Ålesund kommunale eigedom søker ny driftsteknikar til Teknisk Team då ein tilsett snart går av med pensjon. Vi vil forsøke å få til ein periode med overlapping før denne sluttar i stillinga.

Er du den nye driftsteknikaren vi søker, så tilbyr vi deg ein spennande og utfordrande jobb. Variert arbeid, SD, data, teknikk, problemløysar, nye løysningar, ny dag og stadig nye utfordringar. Viktig er fokus på ENØK-drift av byggmassen, og forme nye ENØK tiltak. Du blir ein del av eit godt fungerande team med gode og løysingsorienterte kollegaer.

Stillinga tilhøyrer avdeling Eigedomsdrift, område vest (Ålesund og omegn). Avdelinga har operativt ansvar for drift og vedlikehald av kommunale bygg med fokus på enøk.

I avdelinga er det totalt 55 medarbeidarar, 36 av desse i område vest. Teknisk gruppe vest leiast av ein gruppeleiar, i gruppa arbeidar i tillegg 9 driftsteknikarar og 2 røyrleggarar. Dei fleste har ein liten varebil, men vi kan også inngå bilavtale.  

Vi set stor fokus på at våre tilsette skal ha høg kompetanse innan deira fagområde. Dette inneber blant anna oppgåver med variasjon, og god moglegheit for fagleg og personleg utvikling. Vi jobbar blant anna systematisk med kompetanseutvikling og erfaringsoverføring.

Arbeidsoppgåver

  • Teknisk drift av ei samling bygg.
  • Fokus på enøk, gjennomføre og utvikle kontrollrutinar.
  • Kartlegge nye og eksisterande tekniske installasjonar i bygg.
  • Mindre vedlikehald og rehabiliteringsoppgåver på bygg.
  • Drift av basseng.
  • Det kan vere naudsynt å ta del i vaktordninga i avdelinga. 

Kvalifikasjonar

  • Vi søker primært etter nokon med relevant fagbrev eller tilsvarande utdanning innan elektro eller automasjon. Relevant bakgrunn/erfaring (omfang og type) kan kompensere for manglande utdanning.
  • Du har helst erfaring og kompetanse frå teknisk- og/eller bygging eller byggdrift.   
  • God kunnskap om- og interesse for digitale verktøy er eit krav. Kjennskap til SD-anlegg vil vere ein fordel.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Blant anna evne til samarbeid og munnleg /skriftleg framstilling i norsk.

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr løn etter avtale med kommunale tilsettingsvilkår, pensjonsordning i KLP, IA-bedrift, fleksibel arbeidstidsordning, fagleg utvikling samt varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø.
  • Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentliggjort sjølv om du har bedd om fritak, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir godtatt.

Om arbeidsgiveren




Ålesund kommune er den største
kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for
Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt
byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og
fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv.
Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.


Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og
engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det
daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig.
Visjonen for kommunen er nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og
lokal identitet .


Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Sektor
Offentlig
Sted
Borgundvegen 501, 6015 Ålesund
Bransje
Eiendom
Stillingsfunksjon
Annet

Nøkkelord

Driftstekniker, Eiendom, Eigedom, Teknisk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjarne Hundsnes
Stillingstittel
Virksomhetsleder
Telefon
95 46 25 91
Følg firma
49 følger dette firmaet

Borgundvegen 501, 6015 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 168592123
Sist endret 24. jan. 2020 08:22

Rapporter annonse