Utløpt

Sjukepleiar vikariat - Kvednatunet

Arbeidsgiver
Øygarden kommune - Helse og velferd
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
10.02.2020
Ansettelsesform
Vikariat

Arbeidsoppgåver:

• Heilskapleg omsorg for eldre menneske
• Fagleg oppfølging av bebuarar i eit bufelleskap
• Sjukepleiarfagleg oppgåver som intravenøs behandling, blodprøvetaking, legevisitt
• Rettleie, ta ansvar for utviklingsoppgåver og støtte kollegaer    

Kvalifikasjonar:

Må ha:

• Autorisert sjukepleiar   
• Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg 
• Gode samarbeidsevner og som sjukepleier kunne leie teamet som arbeider med deg på ein god måte

Personlege eigenskapar:

• Grunnleggjande IKT-kompetanse
• Evne til samarbeid og deltaking i utvikling av tenestene
• Må evne å ta ansvar kveld/helg
• Arbeidsglede
• Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Anna:
Sjukepleiarar i turnus i Øygarden kommune er løna kr 25 000 per år over tariff

Vikariata som sjukepleiar er ledig frå dags dato og ut 2020. Gode moglegheitar for å forlenge vikariatet

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst moglelg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om de

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Kvednatunet er heimen for 40 eldre menneske med demensdiagnose som treng heildøgns omsorg. Budstadene er fordelt i 4 bufelleskap.Vi har god sjukepleiardekning og lege 3 dager per veke.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Kvernatunvegen 9, 5363 Ågotnes
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Eldreomsorg

Nøkkelord

Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Nina Sandstå
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
55 09 62 12
Følg firma
321 følger dette firmaet

Kvernatunvegen 9, 5363 Ågotnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 168036111
Sist endret 27. jan. 2020 15:27

Rapporter annonse