Utløpt

Rådgjevar/ seniorrådgjevar - samfunnstryggleik og beredskap

Arbeidsgiver
Fylkesmannen i Vestland
Stillingstittel
Rådgjevar/ seniorrådgjevar
Frist
05.02.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statsforvaltaren i Vestland
Om stillinga:

Har du lyst å jobbe med samfunnstryggleik og beredskap? Fylkesmannen har seks avdelingar med eit spekter av oppgåver, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hjå oss.

Kommunalavdelinga vert leia frå Leikanger og har vel 50 tilsette i tre seksjonar; beredskap, plan og kommuneforvaltning og -samordning. Kontorstader er Leikanger, Bergen og Førde.

Kommunal har ledig ei fast stilling som rådgjevar eller seniorrådgjevar med kontorstad Bergen. Fylkesmannen har ansvar for å samordne arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i Vestland fylke, og skal vere ein pådrivar og rettleiar for det. Kontakten med kommunane står sentralt, og Fylkesmannen skal særleg rettleie og drive tilsyn med oppfølginga av beredskapsplikta til kommunane.


Arbeidsoppgåver:
  • oppfølging av kommunal beredskapsplikt gjennom rettleiing og tilsyn
  • analysar av risiko og sårbarheit
  • panlegging og gjennomføring av øvingar
  • evaluering og erfaringslæring etter øvingar og reelle hendingar
  • panlegge beredskapstiltak og delta i kriseorganisasjonen til Fylkesmannen

Andre oppgåver innan samfunnstryggleik og beredskap kan og bli aktuelle.


Kvalifikasjonar:
  • mnimum treårig utdanning frå høgskule/universitet, fortrinnsvis innan samfunnstryggleik eller generelle samfunnsvitskaplege fag (søkjarar med kortare utdanning vert òg vurdert, dersom utdanning og praksis er særleg relevant for stillinga)
  • efaring frå offentleg forvalting, gjerne frå arbeid med samfunnstryggleik og beredskap
  • må kunne tryggleiksklarerast
  • førarkort, minimum klasse B
  • god brukarkunnskap innan IKT

Personlege eigenskapar:
  • gode formidlings- og samarbeidsevner
  • innsatsvilje
  • evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og effektivt

Som tilsett hos Fylkesmannen får du:
  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid

Vilkår:

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/ 1364 seniorrådgjevar, frå kr 490 000 - 600 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse.  For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.      

Fylkesmannen ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet er IA-verksemd, og vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du hjå fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand, telefon 57 64 30 10, mobil 915 77 432, e-post: fmsfhst@fylkesmannen.no, eller kommunaldirektør Nils Erling Yndesdal, telefon 57 64 31 20, mobil 957 23 372, e-post: fmsfney@fylkesmannen.no.


Om arbeidsgiveren

Fylkesmannen er statens representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Fylkesmannen skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter.

Fylkesmannen i Vestland har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde - med hovudsete i Leikanger.

Sektor
Offentlig
Sted
Kaigaten 9, 5015 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler
Følg firma
379 følger dette firmaet

Kaigaten 9, 5015 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 168021705
Sist endret 17. jan. 2020 17:54

Rapporter annonse