Utløpt

To faste stilingar, jurist eller økonom til fagområdet verjemål

Arbeidsgiver
Fylkesmannen i Vestland
Stillingstittel
Rådgjevar/ seniorrådgjevar
Frist
01.02.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statsforvaltaren i Vestland
Om stillinga:

Har du lyst til å jobbe innan eit spennande rettsområde?

Utdanning og verjemål har vel 60 tilsette i tre seksjonar, ein verjemålsseksjon og to utdanningsseksjonar, alle med kontorstader både i Leikanger og i Bergen. Stillingane er lagt til verjemålsseksjonen, med kontorstad i Bergen.

Verjemålsseksjonen har i dag 30 tilsette og har ansvar for 7.700 aktive saker. Verjemålsoppgåvene er breitt samansett med oppgåver innan rettsområda arv -og skifterett, barnerett, forvaltningsrett, sivilprosess og verjemål.

Vi forvaltar over to mrd. kroner på vegner av barn og vaksne i Vestland fylke, oppnemner verjer og representantar og administrerer laupande verjemål. Vi rekrutterer, lærer opp og fører tilsyn med verjer og representantar.

Som førstelineteneste og lokal verjemålsmyndigheit har vi også ansvar for å rettleie publikum om verjemålsordninga og dei private alternativa til verjemål. Fylkesmannen i Vestland fremjar saker for domstolane om fråtaking av rettsleg handleevne og har rett til å vere sjølvprosederande.

Det er ledig to faste stillingar, med kontorstad i Bergen. For ei av stillingane må det påreknast delegerte oppgåver innan personalarbeid i seksjonen. Det kan verte aktuelt å tilsette ein person i 6-månaders engasjement, same kontorstad.

Utdannings- og verjemålsavdelinga har eit godt arbeidsmiljø, og det er gode høve til fagleg utvikling.


Arbeidsoppgåver:
  • Sakshandsaming og rettleiing innan verjemålsområdet.
  • Informasjonsarbeid og anna utoverretta verksemd.

Kvalifikasjonar:
  • Høgare utdanning innan juss og/eller økonomi, fortrinnsvis på masternivå
  • Erfaring frå sakshandsaming
  • Kunnskap om og erfaring med verjemålslova
  • Engasjement for menneske og fokus på rettstryggleik

Personlege eigenskapar:

Vi ønskjer deg som er samfunnsengasjert, tek initiativ og likar tverrfagleg samarbeid. I vurderinga av kandidatane vil det bli lagt særleg vekt på samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter.


Som tilsett hos Fylkesmannen får du:
  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid

Vilkår:

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/ 1364 seniorrådgjevar, frå kr 490 000 - 620 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse.  For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.      

Fylkesmannen ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet er IA-verksemd, og vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du av seksjonsleiar Liv Sørevik tlf. 55 57 22 67 / mobil 900 49 653, eller avdelingsdirektør Anne Hjermann tlf. 55 57 22 75 / mobil 970 09 588.


Om arbeidsgiveren

Fylkesmannen er statens representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Fylkesmannen skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter.

Fylkesmannen i Vestland har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde - med hovudsete i Leikanger.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Kaigaten 9, 5015 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist,
Saksbehandler,
Økonomi og regnskap
Følg firma
379 følger dette firmaet

Kaigaten 9, 5015 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 168021033
Sist endret 21. jan. 2020 15:22

Rapporter annonse